Grison-Alpane

(Omdirigert frå Graubünden-Alpane)

Grison-Alpane er fjella i kantonen Graubünden (Grisons) i Sveits. Det er mange høge fjell i Grison-Alpane, som Tödi (3 614 moh) og det høgaste fjellet Piz Bernina (4 049 moh). Mange av fjellkjedene i dette området har store isbrear, som Adula, Albula, Silvretta, Bernnina og Rätikonfjella. Grison-Alpane omfattar delar av både Dei austlege Alpane og Dei vestlege Alpane. Dei austlege Alpane i Graubünden er Dei rätiske Alpane, som er ein del av Dei sentrale Alpane. Dei rätiske Alpane består av følgjande fjellområde: Samnaunfjella, Rätikon, Silvretta, Sesvennafjella, Albulafjella, Plessurfjella, Oberhalbsteinfjella, Livignofjella, Bregagliafjella og Berninafjella. Dei vestlege Alpane i Graubünden omfattar delar av Dei lepontinske Alpane og Glarus-Alpane.[1]

Piz Bernina, det høgaste fjellet i Grison-Alpane

Kjelder endre

  1. Zschokke, Heinrich (2008). The History of Sveits. BiblioBazaar. ISBN 0559312873. 

46°N 9°E / 46°N 9°E / 46; 9