Samnaunfjella er eit fjellområde i Aust-Alpane, på begge sider av grensa mellom Austerrike og Sveits. Den austerrikske delen ligg i forbundslandet Tirol og den sveitsiske delen i kantonen Graubünden. Høgste toppane er vel 3 000 meter høge. Fleire større vintersportsstader ligg i Samnaunfjella. Fjellområdet har namn etter den sveitsiske landsbyen Samnaun, som ligg i den einaste bebygde dalen i området.

Samnaunfjella
Fjellkjede
Land  Austerrike,  Sveits
Statar Tirol, Graubünden
Del av Dei sentrale Alpane
Grensar til Verwall, Silvretta, Sesvennafjella, Ötztal-Alpane
Høgaste punkt Muttler
 - høgd 3 293 moh.
 - koordinatar 46°54′1″N 10°22′42″E / 46.90028°N 10.37833°E / 46.90028; 10.37833
Kart
Samnaunfjella
46°54′01″N 10°22′42″E / 46.900277777778°N 10.378333333333°E / 46.900277777778; 10.378333333333
Wikimedia Commons: Samnaun group

Tilgrensande fjellområde endre

Samnaunfjella grensar mot fylgjande fjellområde i Alpane:

Avgrensing endre

I nord dannar dalen Paznaun med elva Trisanna grense frå Ischgl til Wiesberg. Derifrå går grensa langs bielva Sanna vidare til Landeck i Tirol. Mot aust og søraust dannar elva Inn grense frå Landeck oppover langs elva til innløpet frå bielva Brancla. I sørvest går grensa oppstraums langs Brancla til dalen Val Sinestra, og vidare gjennom Val Chöglias til Fimberpasset. Derifrå går det nedover dalen Fimbertal til Heidelberger Hütte. I vest er Fimbertal grense mot Ischgl oppover dalen til Heidelberger Hütte.

Fimberpasset er overgang mellom Samnaunfjella og Silvretta.

Høgste fjelltoppane endre

 
Muttler (venstre) og Piz Tschütta (høgre)
Namn Høgd (moh)
Muttler 3 294
Stammerspitze 3 254
Piz Mundin 3 146
Clucher dal Mundin 3 120
Piz Rots (Vesilspitze) 3 097
Vesulspitze 3 089
Piz Malmurainza 3 038
Hexenkopf 3 035
Sulnerspitz 3 034
Bürkelkopf 3 033
Furgler 3 004


Kjelder endre

Sjå òg endre