Great South Africans
Great South Africans var eit sørafrikansk TV-program som gjekk på den statlege kringkastarkanalen SABC3 i 2004. Han var ein av fleire seriar som byge på 100 Greatest Britons frå BBC.
Type | fjernsynsprogram | ||
---|---|---|---|
Sjanger | dokumentar | ||
Opphavsland | Sør-Afrika | ||
Språk | Engelsk | ||
Kanal | SABC3 |
Noeleen Maholwana Sangqu og Denis Beckett var programleiarar. Fjernsynskanalen sendte ei rekke portrettprogram om dei aktuelle kandidatane, og spesielt mange sørafrikanarar deltok i avstemminga via telefon, sms og internett. Dei ti siste plasseringane skulle bli avgjort ved ei ny avstemming, men programmet blei tatt av lufta på grunn av politiske kontroversar, og Nelson Mandela blei gitt den øvste plasseringa basert på den fyrste avstemminga.[1]
Det blei seinare gjeve ut ei bok, Great South Africans: The Great Debate av Penguin Books med korte biografiar om kvart av namna.[2]
Lista
endreLista over dei 100 største sørafrikanarane, før programmet blei teke av lufta:[3]
Nr. | Namn | Fødd–dødd | Rolle |
---|---|---|---|
1. | Nelson Mandela | (1918–2013) | aktivist, den fyrste presidenten av Sør-Afrika etter apartheid og nobelprisvinnar |
2. | Christiaan Barnard | (1922–2001) | kirurg, pioner innan hjartetransplantasjon |
3. | Mahatma Gandhi | (1869–1948) | politisk aktivist |
4. | Nkosi Johnson | (1989–2001) | barneaktivist innan HIV/AIDS som døydde av sjukdommen |
5. | Winnie Madikizela-Mandela | (1936–2018) | politikar og kone til Nelson Mandela |
6. | Thabo Mbeki | (1942–) | andre presidenten av Sør-Afrika etter apartheid |
7. | Gary Player | (1935–) | golfspelar |
8. | Jan Smuts | (1870–1950) | statsmann og filosof |
9. | Desmond Tutu | (1931–2021) | geistleg og nobelprisvinnar |
10. | Hansie Cronje | (1969–2002) | cricketspelar |
11. | Charlize Theron | (1975–) | skodespelar og oscarprisvinnar |
14. | Steve Biko | (1946–1977) | politisk aktivist |
15. | Shaka Zulu | (1787–1828) | grunnleggjar av the Zulu nation |
16. | Mangosuthu Buthelezi | (1928–2023) | politikar og zuluprins |
17. | Tony Leon | (1956–) | politikar |
18. | Brenda Fassie | (1964–2004) | songar |
19. | Mark Shuttleworth | (1973–) | webentreprenør, grunnleggjar av Thawte, distributør av Ubuntu Linux og den andre betalande romturisten |
20. | Hendrik Verwoerd | (1901–1966) | statsminister og hovudutformaren av apartheid |
21. | Chris Hani | (1942–1993) | politisk aktivist som var leiar for SACP då han blei drepen |
22. | Bonginkosi Dlamini | (1977–) | også kjend som «Zola», poet, skodespelar og musikar |
22. | Patricia de Lille | (1951–) | politikar |
23. | Johnny Clegg | (1953–2019) | musikar, også kjend som «The White Zulu» |
24. | Helen Suzman | (1917–2009) | statskvinne |
25. | Eugène Terre'Blanche | (1941–2010) | grunnleggjar av Afrikaner Weerstandsbeweging |
26. | Pieter-Dirk Uys | (1945–) | politisk satirist og underhaldar |
27. | Paul Kruger | (1825–1904) | president av Den sørafrikanske republikken |
28. | Anton Rupert | (1916–2006) | forretningsmann og environmentalist |
29. | Jonty Rhodes | (1969–) | cricketspelar |
30. | Leon Schuster | (1951–) | filmmakar, komikar, skodespelar og underhaldar |
31. | Oliver Tambo | (1917–1993) | politisk aktivist som levde 30 år i eksil |
32. | Steve Hofmeyr | (1964–) | musikar og skodespelar |
33. | Walter Sisulu | (1912–2003) | politisk aktivist |
34. | Cyril Ramaphosa | (1952–) | den femte presidenten av Sør-Afrika etter apartheid, politikar og forretningsmann |
35. | J.R.R. Tolkien | (1892–1973) | engelsk forfattar fødd i Bloemfontein, skreiv The Hobbit og The Lord of the Rings |
36. | Beyers Naude | (1915–2004) | geistleg og antiapartheid-aktivist |
37. | Ernie Els | (1969–) | golfspelar |
38. | Miriam Makeba | (1932–2008) | musikar |
39. | Patrice Motsepe | (1962–) | forretningsmann |
40. | Trevor Manuel | (1956–) | teknisk teiknar, finansminister og politikar |
41. | Albert Luthuli | (1898–1967) | geistleg, politikar og nobelprisvinnar |
42. | Robert Sobukwe | (1924–1978) | politisk aktivist og grunnleggjar av PAC |
43. | Tokyo Sexwale | (1953–) | politikar og forretningsmann |
44. | Danny Jordaan | (1951–) | politikar og fotballadministrator |
45. | Fatima Meer | (1928–2010) | vitskapskvinne og politisk aktivist |
46. | Ahmed Kathrada | (1929–2017) | politisk aktivist |
47. | Joe Slovo | (1926–1995) | kommunistisk politikar |
48. | Natalie du Toit | (1984–) | funksjonshemma olympisk symjar |
49. | Jomo Sono | (1955–) | fotballtrenar |
50. | Francois Pienaar | (1967–) | kaptein for Springboks, som vann Rugby World Cup 1995 |
51. | John Kani | (1943–) | skodespelar, underhaldar, forfattar og vinnar av Tonyprisen |
52. | Penny Heyns | (1974–) | olympisk symjar |
53. | Jeremy Mansfield | (1963-2022) | radio- og TV-person |
54. | Lucas Radebe | (1969–) | fotballspelar, kaptein for Bafana Bafana og Leeds United |
55. | Mamphela Ramphele | (1947–) | politisk aktivist, akademikar, forretningskvinne og mor til Steve Biko sin son |
56. | Cecil Rhodes | (1853–1902) | forretningsmann og statsminister for Kappkolonien |
57. | Albertina Sisulu | (1918–2011) | politisk aktivist, gift med Walter Sisulu |
58. | Aggrey Klaaste | (1940–2004) | journalist og redaktør som tala for nasjonsbygging under kriseåra |
59. | Alan Paton | (1903–1988) | forfattar |
60. | Harry Oppenheimer | (1908–2000) | forretningsmann |
61. | Zackie Achmat | (1962–) | HIV-positiv AIDS-aktivist og kritikar av AIDS-politikken i landet |
62. | Doctor Khumalo | (1967–) | fotballspelar |
63. | Jan van Riebeeck | (1619–1677) | fyrste koloniadministrator |
64. | Bruce Fordyce | (1955–) | ultramaratonløpar |
65. | Enoch Sontonga | (1873–1905) | lærar, lekpredikant og komponist, skreiv «Nkosi Sikelel' iAfrika» |
66. | Zola Budd | (1966–) | friidrettsutøvar |
67. | Sol Plaatje | (1877–1932) | journalist og politisk aktivist |
68. | Danie Craven | (1910–1994) | rugbyspelar og administrator |
69. | Alan Boesak | (1946–) | geistleg og politikar |
70. | Felicia Mabuza-Suttle | (1950-) | talk show-vert, talar og forretningskvinne |
71. | Yvonne Chaka Chaka | (1965–) | musikar |
72. | «Baby» Jake Matlala | (1962–2013) | boksar |
73. | Kaizer Motaung | (1944–) | grunnleggjar av Kaizer Chiefs Football Club |
74. | Basetsana Kumalo | (1974–) | Miss South Africa, programleiar og forretningskvinne |
75. | Antjie Krog | (1952–) | poet, romanforfattar og dramatikar |
76. | Dullah Omar | (1934–2004) | politikar |
77. | Mandoza | (1978–2016) | musikar |
78. | Nkosazana Dlamini-Zuma | (1949-) | politikar og aktivist, tidlegare kone til Jacob Zuma |
79. | Raymond Ackerman | (1931–2023) | forretningsmann |
80. | Nadine Gordimer | (1923–2014) | forfattar og nobelprisvinnar |
81. | Daniel François Malan | (1874–1959) | statsminister som gjorde grunnarbeidet for apartheid-systemet |
82. | Frederik van Zyl Slabbert | (1940–2010) | politikar |
83. | James Barry Munnik Hertzog | (1866–1942) | statsminister |
84. | Hector Pieterson | (1963–1976) | ung gut som døydde og blei symbol på Soweto-oppreisten i juni 1976 |
85. | Sewsunker "Papwa" Sewgolum | (1930–1978) | golfspelar |
86. | William Smith | (1939–2021) | TV-lærar og programleiar |
87. | P. W. Botha | (1916–2006) | statsminister og delstatspresident |
88. | Hugh Masekela | (1939–2018) | musikar |
89. | Bulelani Ngcuka | (1954–) | politikar |
90. | Jody Scheckter | (1950–) | Formel ein-vinnar |
91. | George Bizos | (1928–2020) | advokat |
92. | Mbongeni Ngema | (1954–2023) | dramatikar, skodespelar, choreographer og director |
93. | PJ Powers | (1960–) | musikar |
94. | Mimi Coertse | (1932–) | musikar |
95. | Mrs Ples | (2 million f.Kr.) | Australopithecus africanus; den eldste hominid-skallen funnen i Sterkfontein-hola |
96 | Abdullah Ibrahim aka «Dollar Brand» |
(1934–) | musikar |
96. | Govan Mbeki | (1910–2001) | politisk aktivist og far til Thabo Mbeki |
97. | Jamie Uys | (1921–1996) | filmregissør |
98. | JH Pierneef | (1886–1957) | kunstnar |
99. | Tebogo Modjadji-Kekana | (1977–) | filantrop og prinsesse |
100. | Athol Fugard | (1932–) | dramatikar |
Kjelder
endre- ↑ Jager, Christelle De (24. oktober 2004), «Pubcaster pulls not-so-‘Great’ show», Variety (på engelsk), henta 16. juni 2024
- ↑ The African Book Publishing Record (på engelsk), Hans Zell Limited, 2007, henta 16. juni 2024
- ↑ «The 10 Greatest South Africans of all time». BizCommunity. 27 September 2004. Henta 31 March 2017.