Green Desert
Green Desert Studioalbum av Tangerine Dream | ||
Utgjeve | Januar 1986 | |
Innspelt | Skyline Studios i Berlin august 1973 med ekstra remiksing i 1984 | |
Sjanger | Elektronisk, krautrock | |
Lengd | 38:22 | |
Selskap | Jive Electro | |
Produsent | Edgar Froese, Christoph Franke | |
Tangerine Dream-kronologi | ||
---|---|---|
Le Parc (1985) |
Green Desert | Pergamon (1986)
|
Green Desert er det 27. albumet og det 15. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, utgjeve i januar 1986. Musikken vart spelt inn i Berlin i 1973, i ein periode då Peter Baumann hadde reist frå Tyskland til Nepal og India.[2] Sjølv om albumet ikkje kom ut på den tida, var det denne innspelinga som fekk Tangerine Dream ein platekontrakt hos Virgin Records då dei høyrde opptaka.[3]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Gruppa hadde nyleg fått nytt utstyr, mellom anna ein Minimoog, ein phaser, og ein EKO ComputeRhythm trommemaskin, som kunne førehandsprogrammerast og/eller endrast undervegs medan han spelte. Chris Franke rekna dei seks[4] interne lydane som «ganske elendige», men på grunn av fleksibilteten som sekvensator, kunne han seinare endrast til å kontrollere eksterne lydkjelder.[3] Denne rytmiske effekten vart nytta på fleire av dei seinare albuma til Tangerine Dream.
Det var nok materiale på for eit nytt album, men sidan Baumann ikkje hadde vore med på innspelingane, vart dei samde om å setje dei til sides. Då Baumann kom attende frå reisa si, vart ikkje Green Desert fullført. I staden gjekk dei i gang med Phaedra. I 1984 henta Froese fram att dei gamle opptaka og omarbeidde det til eit heilt album, med noko nyinnspelingar og heile albumet miksa på ny. Albumet var inkludert i ein boks med seks plater kalla In the Beginning. Sidan kom albumet ut som sjølvstendig album.[2]
Edgar Froese sa i 1986: «Det finst bokstavleg talt hundrevis av timar med Tangerine Dream-musikk som ikkje er utgjeven. Me eig tre studio i Tyskland, og når me ikkje turnerer arbeider me i desse ti timar om dagen. Me må lage musikk. Me klarar ikkje stoppe. Green Desert burde ha kome ut før Phaedra. Me hadde akkurat fått den første analoge sequencer-en vår og byrja å leike oss med den, men så fekk med eit tilbod frå Virgin Records om å bruke deira Manor Studios i 1973, så me skrinla opptaka og byrja på nytt.»[2]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Edgar Froese og Christopher Franke.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Green Desert» | 19:25 |
2. | «White Clouds» | 5:01 |
3. | «Astral Voyager» | 7:03 |
4. | «Indian Summer» | 6:53 |
Medverkande
endre- Edgar Froese - synthesizer, gitar, klaverinstrument
- Christopher Franke - trommer, perkusjon, trommemaskin, synthesizer
Andre medverkande
- Pete Beaulieu – lydteknikar
- Mark Weinberg – design
Kjelder
endre- ↑ Green Desert på Allmusic
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Green Desert, The Collector's Tangerine Dream Discography
- ↑ 3,0 3,1 Pendergast, Mark (December 1994). «Tangerine Dream: Changing Use of Technology, Part 1: 1967-1977». Sound On Sound (SOS Publications Group).
- ↑ Synthhead (25. august 2009). «The EKO ComputeRhythm – Jean Michel Jarre’s Drum Machine». Synthtopia (på engelsk). Henta 15. juli 2020.