Phaedra
Studioalbum av Tangerine Dream
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 20. februar 1974
Innspelt November 1973
Studio The Manor i Shipton-on-Cherwell i England
Sjanger
Lengd 37:33
Selskap Virgin
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Atem
(1973)
Phaedra Rubycon
(1975)


Phaedra er det femte studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, utgjeve 20. februar 1974 på Virgin Records. Det vart spelt inn i november 1973 i The Manor i Shipton-on-Cherwell i England.

Dette er det første Tangerine Dream-albumet med den no klassiske sekvensator-drivne stilen deira, som starta heile Berlin-skulen i elektronisk musikk.[5]

Dette albumet markerte byrjinga på den internasjonale suksessen til gruppa og vart det første albumet som kom ut på Virgin Records i Storbritannia. Det selde meir enn hundretusen eksemplar der og nådde 15. plassen på den britiske albumlista,[6] utan å verte spela på radio. Det selde til gullplate i sju land,[7] men i heimlandet Tyskland selde det berre 6 000 eksemplar.[8]

Bakgrunn og innspeling

endre

Richard Branson i Virgin Records høyrde innspelingar som Edgar Froese og Christopher Franke hadde laga tidlegare på året i Skyline Studios i Berlin, tilbaud han gruppa ein femårskontrakt og ønskte å få dei til Storbritannia. Det vart kjøpt inn ein Moog synthesizer for forskotet og trioen drog til The Manor i Shipton-on-Cherwell i Oxfordshire vinteren 1973.[9]

Heile albumet vart spelt inn på mindre enn seks veker, og den første innspelinga fann stad 20. november 1973. Noko av musikken vart spelt inn med hjelp av kona til Froese, Monique. I eit intervju med Mark J. Prendergast sa Froese:

Phaedra var det første albumet der mange ting måtte strukturerast. Årsaka var at me brukte Moog-sekvensatoren (alle drivande bassnotar) for første gongen. Berre det å stemme instrumentet tok fleire timar kvar dag, fordi på den tida var det ingen førehandsinnstillingar eller minne. Me arbeidde kvar dag frå kl. 1100 til kl. 0200 på natta. På den 11. dagen hadde me så vid fått seks minuttar med musikk på band. Alt som kunne gå teknisk sett gale gjorde det. Opptaksmaskinen gjekk sund, miksebordet slutta å virke og høgtalarane vart øydelagde av dei uvanleg låge frekvensane frå bassnotane. Etter 12 dagar var me heilt utslitne. Heldigvis, etter ein to dagar lang pause på landsbygda, fekk me eit gjennombrot og ein ny start. 'Mysterious Semblance' vart spelt inn 4. desember. Pete og Chris låg og sov etter ein lang dag med innspeling, så eg inviterte kona mi, Monique, i studio. Eg ringde til studiolydteknikaren og spelte det inn på eitt forsøk på ein Mellotron med doble klaver, medan Monique skrudde på knottane på eit phasing-apparat. På plata er dette stykket nøyaktig slik det vart spelt inn den dagen. Og denne praksisen fortsette me med for resten av innspelinga.[9]

Innhald

endre

Tittelsporet var opphavleg basert på ein improvisasjon som vart spelt inn i studio, og syner nokre av avgrensingane med det analoge utstyret dei nytta på denne tida. Etter kvart som utstyret vart varmt, vart somme av oscillatorane ustemde (dei var særs temperatursensitive), noko som gjorde at musikken vart endra mot slutten av stykket.

Tittelsporet og «Movements of a Visionary» nyttar seg av den analoge sekvensatoren på Moogen til Christopher Franke som erstatning for bassgitar. «Mysterious Semblance at the Strand of Nightmares» har ein solo av Edgar FroeseMellotron som vert handsama med ein langsam, brusande filtereffekt. «Sequent C'» er eit kort stykke av Peter Baumann på fløyte med ekkoeffektar.

Plateomslaget er eit måleri av Froese.[10]

Stil og mottaking

endre
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [1]
Head Heritagepositive[11]
Sputnikmusic5/5[2]

All Music Guide to Electronica skildrar albumet som ein milepåle for bandet og «eit av dei viktigaste, mest kunstnariske og mest spanande verka i historia til elektronisk musikk».[12] Phaedra vert ofte omtalt som eit av dei beste albuma til Tangerine Dream,[13][14] og finst i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[15] I spesialutgåva til Q og Mojo kalla Pink Floyd & The Story of Prog Rock, vart albumet sett på 38. plassen på lista «40 Cosmic Rock Albums».[16]

I boka Ambient Century skreiv Mark J. Prendergast om tittelsporet: «Med ei lengd på over 17 minutt framkalla det kjensler av kosmos, om enorme soler som eksploderer, om store havrørsler, mytologiske land, kvervlar og straumar. Lag på lag med futuristiske lydar stabla oppå kvarandre til det heile når eit klimaks i eit interstellart tomrom.»[9]

I populærkulturen

endre

Tittelsporet og «Mysterious Semblance at the Strand of Nightmares» er begge med i den interaktive Netflix-filmen Black Mirror: Bandersnatch frå 2018. Hovudpersonen Stefan får ei liste med tilrådd musikk, med artistar som Edgar Froese, Tangerine Dream, Bauhaus og The Cure. Etter å ha bladd seg gjennom platene i ein platebutikk, vel Stefan Tangerine Dream-albumet Phaedra og Isao Tomita-albumet The Bermuda Triangle.[17]

Innhald

endre
Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Phaedra»Froese, Franke, Baumann17:39
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Mysterious Semblance at the Strand of Nightmares»Froese9:55
2.«Movements of a Visionary»Froese, Franke, Baumann7:56
3.«Sequent C'»Baumann2:13

Medverkande

endre

Teknisk

endre

Salslister

endre
Liste (1974) Plassering
UK Albums Chart[6] 15
US Billboard 200[18] 196

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Bush, John. PhaedraAllmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 Incognito, Daniel. «Tangerine Dream: Phaedra». Sputnikmusic. 
  3. Listed in «A Classic Space Music Countdown to Liftoff: 10 Essential classic space music albums, counting down from 10 to 1» Time Warped in Space by Echoes Radio producer and host, John Diliberto Arkivert 2007-04-07 ved Wayback Machine..
  4. «50 Greatest Prog Rock Albums of All Time». Rolling Stone. 17. juni 2015. Henta 8. juli 2020. 
  5. Harden, Alexander (Spring 2016). «Kosmische Musik and Its Techno-Social Context». Journal of the International Association for the Study of Popular Music 6: 155–173. ISSN 2079-3871. doi:10.5429/2079-3871(2016)v6i2.9en – via IASPM@Journal. 
  6. 6,0 6,1 «Chart Stats - Tangerine Dream - Phaedra». Arkivert frå originalen 3. januar 2013. Henta 9. april 2013. 
  7. Irvin, Jim (2007). The Mojo Collection: The Ultimate Music Companion (4th utg.). Edinburgh: Canongate. s. 326. ISBN 1841959731. 
  8. Stump, Paul (1999). Digital Gothic: A Critical Discography of Tangerine Dream. Firefly Publishing. s. 52. ISBN 0-946719-18-7. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Mark J. Prendergast (2013). «Tangerine Dream: Remembering the Dream». The Ambient Century: From Mahler to Moby. ambientcentury.co.uk. Arkivert frå originalen 15. april 2019. Henta 8. juli 2020. 
  10. «Phaedra». Connolly & Company. 
  11. «Julian Cope Presents Head Heritage | Unsung | Reviews | Tangerine Dream – Phaedra». June 2000. 
  12. Bogdanov, Vladimir (2001). All Music Guide to Electronica (2nd utg.). San Francisco: Backbeat Books. s. 505. ISBN 0879306289. 
  13. Fitzpatrick, Rob; Mark Roland (2006). Gods of Rock. New York: Main Street. s. 107. ISBN 1402736738. 
  14. Abramowitz, Ari (2004). The Pockit Rockit Music Finder. New York: Music Guru. s. 44. ISBN 0975978705. 
  15. Dimery, Robert (2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. s. 323. ISBN 0-7893-1371-5. 
  16. «Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock - 40 Cosmic Rock Albums». Q. July 2005. Henta 8. juli 2020. 
  17. Suarez, Gary. «In 'Black Mirror: Bandersnatch,' Should You Pick Tangerine Dream Or Tomita?». Forbes (på engelsk). Henta 8. juli 2020. 
  18. «Phaedra > Charts & Awards > Billboard Albums». Allmusic. Henta 12 oktober 2009 (2009-10-12). 

Bakgrunnsstoff

endre