Greg Cohen er ein jazzbassist. Han er mest kjend for arbeidet sitt med John Zorn sin Masadakvartett og i nyare tid for turnèane med Ornette Coleman. Han medverka mellom anna på det kritikarroste Coleman-albumet Sound Grammar. Han har ofte òg spelte tradisjonell jazz og mellom anna arbeidd med Ken Peplowski, Kenny Davern og filmmakaren og klarinettisten Woody Allen. Han har òg arbeida med rockeartistar som Tom Waits, David Byrne og Elvis Costello.

Greg Cohen
John zorn masada.jpg
Masadakvartetten, Greg Cohen spelar kontrabass.
Fødd13. juli 1953 (0 år)
FødestadLos Angeles
OpphavUSA
SjangerJazz
InstrumentKontrabass
PlateselskapTzadik Records, DIW Records
Verka somMusikar

Av andre artistar han har spela bass for finn ein Dagmar Krause, David Sanborn, Susana Baca, Gal Costa, Marisa Monte, Laurie Anderson, Willie Nelson, Bill Frisell, Norah Jones, Dave Douglas, Tricky, Jesse Harris, Keith Richards og Charlie Watts, Joey Baron, Donovan, Crystal Gayle, Bob Dylan, Alan Watts, Lee Konitz, Richie Havens, Dino Saluzzi, Lou Reed, Odetta og Danny Barker.

Greg Cohen er fast medlem av Woody Allen and his New Orleans Jazz Band som spelar kvar måndag på Carlyle HotelManhattan i New York City, der Cohen i dag bur.

Utvald diskografiEndra

Med Kenny Davern og Ken Peplowski

Med Dave Douglas

  • Charms of the Night Sky

Med Tom Waits

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra