Grex Vocalis
Grex Vocalis ('Den syngande hjorda') var eit norsk kammerkor stifta i 1971 av Carl Høgset, som var dirigent for koret heilt fram til det blei nedlagt i 2019. Repertoaret spenna frå renessansen til norsk samtid. Koret vann fleire internasjonale korkonkurransar og tre Spellemannprisar (1977, 1983, 2006).
Grex Vocalis | |||
Prisar | Spellemannprisen i klassisk musikk/samtidsmusikk, Spellemannprisen i klassisk musikk/samtidsmusikk, Spellemannprisen i samtidsmusikk |
---|
Koret samarbeidde frå 1984 med Arne Nordheim og har spelt inn og framført fleire av verka hans. Dei har òg samarbeidd med komponistar som Knut Nystedt, Trond Kverno og Terje Rypdal.
Diskografi
endre- Norwegian Folksongs & European Madrigals (Arne Bendiksen, 1977)
- Contemporary Music from Norway (Phillips, 1980)
- Renessanse for kor (Kirkelig Kulturverksted, 1983)
- Visst skal våren komme (Kirkelig Kulturverksted, 1984) med Göran Fristorp og Anne Lise Gjøstøl
- Arne Nordheim: Aurora, Tres Lamentationes, Klokkesong (Norsk Musikkproduksjon AS, Aurora AR, 1986)
- Frihetens faner på ny (Kirkelig Kulturverksted, 1988)
- Terje Rypdal: Ineo for kor og kammerorkester, Undisonus for fiolin og orkester (ECM, 1990) med The Rainbow Orchestra, Terje Tønnesen (fiolin), Royal Philharmonic Orchestra og Christian Eggen (dirigent)
- Händel: Messias (QCD, 1997) (Konsertopptak)
- Norske stemninger (Polygram, 2000)
- CRUX - Norsk kormusikk fra det 20 århundre (QCD, 2000)
- Francis Poulenc: Liberté (Simax, 2000)
- Magnum Mysterium (2L, 2004)
- Arne Nordheim: Draumkvedet (Simax, 2006) med Kringkastingsorkesteret og Ingar Bergby (dirigent)
- Edvard Grieg CHORAL MUSIC (2L, 2007)
Prisar og utmerkingar
endre- Vinnar av internasjonal korkonkurranse arrangert av NRK 1975
- Vinnar av internasjonal korkonkurranse i Arezzo 1977
- Spellemannprisen 1977 i klassen klassisk musikk/samtidsmusikk for Norwegian Folksongs & European Madrigals
- Vinnar av internasjonal korkonkurranse i Gorizia 1982
- Spellemannprisen 1983 i klassen klassisk musikk/samtidsmusikk for Renessanse for kor
- Vinnar av internasjonal korkonkurranse i Tolosa 1992
- Vinnar av internasjonal korkonkurranse i Marktoberdorf 1993
- Vinnar av Il Gran Premio Cittá di Arezzo (beste kor uansett klasse) under internasjonal korkonkurranse i Arezzo 1999
- Spellemannprisen 2006 i klassen samtidsmusikk for Arne Nordheim: Draumkvedet (saman med Kringkastingsorkesteret)