Opna hovudmenyen

Arne Nordheim

norsk komponist

LivEndra

Arne Nordheim vart fødd den 20. juni 1931 i Larvik. 194851 studerte han ved Musikkonservatoriet i Oslo. I 1954 vart det første verket hans, Essay for strykekvartett, oppført ved Ung Nordisk Musikkfest i Stockholm. Han såg ikkje dette stykket som sitt opus 1 — strykekvartetten frå 1956 skal vera hans første riktige verk.

Nordheims viktigaste sjanger er orkesterverk. I dei tidlege verka som Aftonland, Canzona og Epitaffio prøver han å gje dei tradisjonelle instrumenta ein ny klang. Han byrja etter kvart å bruke elektronikkmagnetband og hadde i ei tid elektronikk som hovudtema. Frå denne tida stammar reint elektroniske verk som Solitaire, men òg verk der elektronikken vart blanda med tradisjonelle instrument som td. slagverk. Han har òg skrive mykje for radio og fjernsyn, teater og ballett der han eksperimenterte mykje og gav musikken nye grenser.

UtmerkingarEndra

Arne Nordheim budde i Grotten, Statens æresbustad for kunstnarar.

KjelderEndra