Griegsamlinga er den testamentariske gåva til Bergen offentlege bibliotek frå Edvard Grieg og kona hans Nina Grieg. Samlinga inneheld rundt 25 000 sider med blant anna 5700 brev, 890 skrivne av Edvard Grieg,[1] noko som er rekna vere rundt tre firedelar av alt Grieg produserte. Materialet blei testamentert i 1906, ti månader før Edvard Grieg døydde. Samlinga består av notemanuskript, bilete, brev og dagbøker, og blei gjeven under føresetnad av at ho blei halden ved like og gjort tilgjengeleg for ålmenta i Bergen.[2]

Samlinga er ein del av Noregs dokumentarv, eit register over dei viktigaste dokumenta i norsk historie.[3] Det er ei nasjonal utgåve av Verdensminne-programmet til UNESCO (Memory of the World). Originalmanuskriptet til Klaverkonserten i a-moll, op. 16 blei innlemma saman med Griegsamlinga i registeret.[3]

Troldhaugen blei selt i 1919 blei samlinga overført til biblioteket, og ho har sidan vakse gjennom gåver og innkjøp av dokument. I 1930 blei ei samling av kunstnarbrev lagd inn i samlinga av Nina Grieg.[4] Notemanuskript og brev er noko av det som er innkjøpt, blant anna med hjelp frå lokale sponsorar og Bergen kommune.[2]

Kjelder

endre
  1. Bergen Offentlige Bibliotek, Griegsamlingen. «Norges Dokmentarv - Edvard Grieg». Arkivert frå originalen 4. desember 2014. Henta 20. mai 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Oversikt over samlingen — Bergen Offentlige Bibliotek». bergenbibliotek.no. Henta 20. mai 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Griegsamlingen 1843–2007 - Norges dokumentarv - kulturradet.no». www.kulturradet.no. Henta 20. mai 2016. 
  4. «Samlingens historikk — Bergen Offentlige Bibliotek». bergenbibliotek.no. Henta 20. mai 2016.