Klaverkonsert i a-moll av Grieg

Klaverkonsert i A-moll, op. 16, (ofte kalla A-moll-konserten), er den fyrste og einaste klaverkonserten til Edvard Grieg, skriven då han var 25 år gamal.

Klaverkonsert i a-moll
Klaverkonsert av Edvard Grieg
Tonearta-moll
Opus16
Instrumenteringpiano

Det er eit av hans mest kjente verk av stort format, og blant verdas mest populære pianokonsertar. I 1906 blei konserten den fyrste pianokonserten som blei spelt inn på plate, i alle fall seks minutt av han. Publikum tok svært godt imot konserten på urframføringa. Musikkritikarane var til dels negative til verket.[1]

Verket syner tydeleg interessa Grieg hadde for norsk folkemusikk; opninga er basert på eit motiv ein ofte finn i norsk folkemusikk – eit nedadgåande lite sekund (sjå intervall) følgd av ein nedadgåande stor ters. I siste sats av konserten finn ein likskapar med springaren, og ein kan spora etterlikningar av hardingfela.

Originalmanuskriptet er i dag eigd av Nasjonalbiblioteket og er innlemma i Noregs dokumentarv, eit register over dei viktigaste dokumenta i norsk historie og kultur.[2] Registeret er ei nasjonal utgåve av verdsminne-programmet til UNESCO.

« Det var en uutholdelig varme, men jeg tenker dog med glede tilbake på denne tid … således har jeg skrevet en konsert for klaver og orkester som jeg tror inneholder gode ting. »

—Grieg i eit brev til Ravnkilde, 2. november 1868[3]

Opningsakkordane til klaverkonserten.
Hovuddtema i 1. sats.

Bakgrunn

endre

Grieg-familien reiste til Danmark i juni 1868 for at Edvard kunne byrje arbeidet med sitt hittil største verk; ein konsert for klaver og orkester. Nina Grieg og nyfødde Alexandra (fødd april 1868) budde hos svigerforeldra i København. Edvard drog åleine til Mothsgaard i Søllerød der han blei møtt av venane Emil Hornemann og Edmund Neupert. Sistnemnde var på den tida ein av dei leiande pianistane i Norden, og fekk mykje av æra for at nettopp klaverstemmen blei som han blei. Blant anna kom han med fleire konstruktive råd til Grieg undervegs i prosessen, og det blir hevda frå enkelte at solokadensen mot slutten av fyrste sats var Neupert sin eigen komposisjon. Grieg arbeidde på eit piano inne i eit lite drivhus, og skreiv såleis heile klaverstemmen i løpet av månadane som følgde. Derimot skreiv han ikkje orkesterstemmen i Danmark. Forutan nokre få skisser blei partituret fullført i Oslo i løpet av vinteren 1869.

Besetning

endre

Partituret har følgjande besetning: to fløyter, to oboar, to klarinettar, to fagottar, fire horn, to trompeter, tre trombonar, paukar, fiolinar, bratsjer, celloar og kontrabassar.

 
Hovudtema i 2. sats (feilaktig notert utan 5 b).

Satsar

endre

Konserten har følgjande satsar:

  1. Allegro molto moderato
  2. Adagio
  3. Allegro moderato molto e marcato

Urframføring

endre

Grieg var sjølv ein glimrande pianist, men på premieren 3. april 1869 i Casino Store Sal i København, blei konserten spelt av Edmund Neupert. Grieg hadde ikkje høve til å vere til stades på premieren, grunna forpliktingar med eit orkester i Christiania. Kjende personar var likevel blant publikum; fyrst og fremst den musikkinteresserte dronning Louise, men også leiande skikkelsar som Niels W. Gade og den russiske pianisten Anton Rubinstein. Rubinstein var sjølv på turné på den tida, og stilte sitt eige flygel til disposisjon for Neupert under premieren. Framføringa blei «ekstatisk» mottatt av publikum som i strid med tradisjonen klappa mellom satsane. Neupert hadde gitt Grieg råd under komposisjonsarbeidet.[1] Ei norsk framføring følgde i Kristiania 7. august same år, og konserten blei seinare også framført i Tyskland i 1872 og England i 1874. Då Grieg vitja Franz Liszt i Roma i 1870 spelte sistnemnde heile konserten rett frå bladet, noko Grieg såg på som svært imponerande.

Verket blei fyrst publisert ved forlaget E.W. Fritzsch i Leipzig i 1872. Like før han døydde gjorde Grieg tydelege endringar i orkestreringa på konserten – blant anna blei blåserrekkja supplert med to nye hornstemmer, og det andre temaet i fyrste sats blei tatt frå solotrompeten og lagt i celloane.

Samanlikning med Schumann

endre

Konserten til Grieg blir ofte samanlikna med pianokonserten til Robert Schumann. Han er skriven i same toneart, opningane av fyrste sats er svært like, og ein del musikkhistorikarar og kritikarar hevdar at stilen må reknast for å vere nærare Schumann enn nokon andre. Grieg høyrde konserten til Schumann bli spelt av Clara Schumann i Leipzig i 1858, og blei generelt svært påverka av Schumann, noko han sjølv fleire gongar gav uttrykk for. I tillegg hadde han fått pianoundervising av venen til Schumann, Ernst Wenzel.

 
Halling-motivet i 3. sats

I seinare tid

endre

I dag er det mogleg å høyre korleis Grieg sjølv ønskte at A-moll-konserten skulle lyde. Under besøket sitt på Troldhaugen i 1907 kort tid før Griegs død, spelte Percy Grainger inn konserten på papirruller som korrekt gjev att alle anslaga til Grieg, registeringar og tempo, og med komponisten si godkjenning av versjonen.[4]

Sergej Rakhmaninov kalla a-moll-konserten «den beste pianokonsert som nokonsinne er skriven», og snart var den eit ikonisk verk i nasjonsbygginga, på line med Edvard Munch sitt måleri Skrik og Peer Gynt av Henrik Ibsen. Då Oslo-Filharmonien debuterte i 1919, stod a-mollkonserten på programmet. Grieg klarte aldri å lage noko i like stort format, og sjølv avfeide han verdsberømte stykke som Morgenstemning og I Dovregubbens hall som noko som kom til han som «lus og lopper på landet». Men når bybanen i Bergen stoppar på haldeplassen på Hop, blir dette annonsert med nokre tonar frå stykket,[5] og i 1961 hamna a-mollkonserten høgt på britiske og amerikanske hitt-lister, oppjazza av Jimmy Wisner – under kunstnarnamnet «Kokomo» – og omdøypt til «Asia Minor» (som er den engelskspråklege nemninga på det geografiske området Vesleasia).[6][7]

Klaverkonsert nr. 2 i H-moll

endre

I 1883–1887 jobba Grieg med ein andre pianokonsert i H-moll (EG120), men denne ble aldri fullført. Dei få fragmenta Grieg skreiv omfattar berre nokre korte parti for klaverstemmen, og samtlege av desse blei fyrste gong gjevne ut på CD i 1996 av pianisten Einar Steen-Nøkleberg.[8]

I 1997 utvikla den belgiske komponisten Laurent Beeckmans ein komplett klaverkonsert av skissene til Grieg, og verket blei fyrste gong framført i London 3. mai 2003.

Grieg-selskapet og NRK lyste mot slutten av 1990-talet ut ein konkurranse rundt fragmenta Grieg hadde laga. Til saman blei det sendt inn 68 versjonar, og vinnarbidraget frå Alberto Colla blei urframført under avslutningskonserten ved Festspillene i Bergen i mai 1998.[9] I 2015 blei eit anna av bidraga til konkurransen gjeve ut på CD av plateselskapet Naxos; dette bidraget var komponert av norske Helge Evju.[9]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Bringeland, Sjur Haga (12. april 2019). «Orkestral kanonsalutt». Dag og Tid: 16. 
  2. «Griegsamlingen 1843–2007 - Norges dokumentarv - kulturradet.no». www.kulturradet.no. Arkivert frå originalen 22. mars 2016. Henta 22. mai 2016. 
  3. Benestad/Schjelderup-Ebbe: Edvard Grieg. Mennesket og kunstneren, s. 124. Aschehoug 1980/2007. ISBN 978-82-03-23459-0.
  4. Reidar Mosland: «Slik ville Grieg det skulle lyde». NRK 1. september 2009
  5. [1] Erik Fossen: «Lyden av Norge», Aftenposten 2. april 2019
  6. Piano Concerto in A Minor retitled Asia Minor
  7. Bulanda, George. «Grieg's oft-heard piano concerto was popular right away». The Detroit News (på engelsk). Henta 24. februar 2024. «It's been a staple in the classical repertoire since its premiere in 1869 and is frequently heard on radio and in concert halls. Pianists from Sviatoslav Richter to Leif Ove Andsnes have recorded it. There was even Kokomo's 1961 pop version of the first movement called "Asia Minor," featuring a honky-tonk piano and pared-down orchestra.» 
  8. Grieg: Piano Music Vol. 14, Naxos 8.553400
  9. 9,0 9,1 «Griegs ‘andre’ klaverkonsert!» (på norsk bokmål). Kulturspeilet.no. 7. juni 2015. Henta 24. februar 2024. «For godt over femten år siden ble det utlyst en konkurranse av Grieg-selskapet i forbindelse med Griegs jubileum. I den forbindelse kom det inn en lang rekke bidrag hvor Helge Evjus var en av dem. Førsteprisen gikk til en italiensk komponist som hadde laget en fri versjon i beste pling-plong stil over det han oppfattet som ‘Grieg’ (vi hørte det og må i all respekt for komponistens øvrige meritter si at dette falt ikke i vår smak). Mange av de øvrige bidragene, blant annet Helge Evjus, var tro mot Griegs skisser og tonespråk. Vi har hørt flere av dem, blant annet belgiske Laurent Beckmann som kanskje er den som er mest trofast mot Grieg i og med at han legger inn mye av Griegs kromatikk i verket slik at det blir svært gjenkjennelig Grieg for å si det slik (han gjør også bruk av noen av effektene fra a-moll konserten).» 

Bakgrunnsstoff

endre