Grima naturreservat
Grima naturreservat er eit naturreservat i Gulen kommune i Vestland. Det ligg på den store øya Grima rett nord for Byrknesøya. Føremålet med fredinga er å bevara kystmyrområde i øygarden i Sognesjøen. Arealet er på 1483 dekar og utgjer om lag 1/4 av det samla arealet av dei seks naturreservata i Gulen når ein ser bort frå Vassøyane naturreservat.
Myrressursane her og på austre Sløvåg blir kategorisert som svært viktige.[1]
Regjeringa la 18. juni 2004 fram ein eigen verneplan for myr i Sogn og Fjordane.[2], der 20 myrområde i fylket blei verna. Grima er eit av dei større områda målt i areal. Bakgrunnen var Stortingsmelding nr 68 (1980–81) Vern av norsk natur som fastslo målet om å verne eit representativt naturutval i Noreg. Verneområda i fylket blei registrert i perioden 1971–1985 av botanikarar ved Vitskapsmuseet i Trondheim. Det var og synfaringar i 1999 og 2000 utført av Fylkesmannens miljøvernavdeling, og Direktoratet for naturforvalting anbefalte vern i januar 2004.[3]
Reglar for reservatet
endre- Det må ikkje settast i verk tiltak som kan skade eller forstyrre naturmiljøet.
- Vegetasjonen er freda mot skade og øydelegging.
- For dyrelivet gjeld Viltlova og forskriftene tilknytt denne.
- Nye dyrearter må ikkje bli innført.
- Motorisert ferdsel, camping, riding med meire er forbode.
Referansar
endre- ↑ Biologisk mangfald i Gulen kommune[daud lenkje] – kartlegging for Gulen kommune, oktober 2005, side 21.
- ↑ Verneplan for myr i Sogn og Fjordane fylke – Miljøverndepartementet 18. juni 2004.
- ↑ Verneplan for myr i Sogn og Fjordane fylke - Miljøverndepartementet 18. juni 2004, side 4.
Bakgrunnsstoff
endre- Forskrift om verneområdet - Lovdata.
- Beskrivelse av naturreservatet[daud lenkje] - Miljøstatus. Besøkt 9. november 2010.