Vassøyane naturreservat

Vassøyane naturreservat er eit naturreservat i Gulen kommune i Vestland. Formålet med fredinga er å bevara våtmarksområde med hekkeplassar og sjøfuglbiotop i øygarden lengst sør i Sognesjøen. Reservatet omfattar øygruppa Vassøyane heilt sørvest i kommunen, nær grensa mot Fedje kommune i sør. Arealet er på 6.180 dekar (6,18 km²) der 1870 daa er landareal, og dette er det klart største verneområdet i kommunen. Vassøyane naturreservat er nesten dobbelt så stort som dei seks andre naturreservata i Gulen til saman. Sauebeite, lyngbrenning og hausting av tang og tare på øyene er eksplisitt tillate gjennom løyve, med unntak av all ilandstiging i hekketida.

Naturreservatet blei oppretta i desember 1991. Dette området og tilstøytande øygrupper i kommunane i sør har sida 1974 vorte føreslått verna som landskapsvernområde, men denne verneforma er ikkje realisert enno for heile det aktuelle området. Vassøyane fekk prioritet 3 som vernelokalitet.[1]

Vernet av Vassøyane er basert på Stortingsmelding nr 68 (1980-81) Vern av norsk natur som fastslo målet om å verna eit representativt naturutval i Noreg, og utreiing av 280 våtmarksområde i fylket (14 i Gulen) tidleg på 1980-talet. Forarbeidet i fylket sin delplan blei sendt ut på høyring førebels i 1982 og endeleg i 1985 som Utkast til verneplan for våtmark i Sogn og Fjordane fylke.[2] Hovudmålet er å verna fylkets hekkeplassar for 60 artar av sjø- og vadefuglar, samt biotop for ytterlegare 70 ikkje-hekkande slike artar i våtmarksområde (per 1984).[3]

Landskap og arter

endre

Området består av om lag 100 øyer, holmar og skjer som består av mykje sandstein og konglomerat frå devontida – liggjande såvidt innanfor det Kaledonske fjellkjedeområdet som berre berører Gulen heilt her nede i kommunens sørvestre øygard. Geologisk høyrer til øygruppa Solundbassenget som er 420–410 millionar år gamalt. Vegetasjonen er atlantisk lynghei kor røsslyng, klokkelyng, krekling og gråmose dominerer. Vassøyane er ikkje eit viktig hekkebiotop – det er som trekkstad og overvintringsstad at området oppnår si verneverd. Her trekk blant anna ringgås og kvitkinngås. Lappedykkarar og lom trivst og her, i tillegg til store tal ærfugl og havelle. Mellom dei mest viktige hekkeartene er teist, enkeltbekkasin, småspove, raudstilk, siland og tjeld.[4]

Reglar for reservatet

endre
  • Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan skade eller forstyrre naturmiljøet.
  • Motorisert ferdsel og bruk av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
  • Det er våpen- og jaktforbod og bandtvang, og utsetting av vilt er forbode.
  • Ferdsel, camping, og oppankring med båt nærare enn 50 meter er forbode.

Referansar

endre
  1. Utkast til verneplan for våtmark i Sogn og Fjordane fylke[daud lenkje] - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 1985, side 16.
  2. Utkast til verneplan for våtmark i Sogn og Fjordane fylke[daud lenkje] - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 1985.
  3. Utkast til verneplan for våtmark i Sogn og Fjordane fylke[daud lenkje] - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 1985, side 9.
  4. Utkast til verneplan for våtmark i Sogn og Fjordane fylke[daud lenkje] - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 1985, side 27.

Bakgrunnsstoff

endre