Grinde i Leikanger
i Leikanger
Grinde er ei grend og tidlegare ferjestad 3 km vest for Leikanger i Sogndal kommune. Grenda dekkjer eit område på nordsida av Sognefjorden der Grindsdalen, òg kalla Huksdalen, munnar ut i fjorden med elva Grindselvi. Namnet Grinde kjem frå ein gard på vestsida av dalen medan namnet Huke kjem frå ein gard på austsida av dalen.
Grinde | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sogndal | ||
Postnummer | 6863 | ||
Ferdselsårer | |||
Grinde 61°10′57″N 6°44′51″E / 61.1825584°N 6.7474972°E |
- Sjå òg Grinde (fleirtyding).
Riksveg 13 går langsmed fjorden gjennom grenda. Huke endepunktet på den kommunale Valbrekkevegen som går opp frå ved Ytre Hamre, og det er på denne vegen ein kan finne den korte og isolerte Fylkesveg 5611 mellom Valbrekka og Eggja. Ved fjorden austanfor utløpet til Grindselvi låg Grinde ferjekai, eit ferjeanlegg som var i bruk fram til ho vart erstatta av Hella ferjekai i 1956.