Grisefjorden er ein del av Stolsfjorden i Flekkefjord kommune. Han er den delen av fjorden som ligg innom Flekkefjord by. Grisefjorden ligg nord for bysenteret innom sundet Elva som går gjennom byen. På sørsida av sundet heiter fjorden Lafjord.

Grisefjorden
Flekkefjord sentrum ved det smale sundet
der elva går mellom Lafjord og Grisefjorden.
Land  Noreg
Kart
Grisefjorden
58°18′54″ N 6°39′40″ E

Frå sundet i sentrum av Flekkefjord og nordover til grenda Loga inst i fjorden er Grisefjorden om lag 2,5 km lang. I Grisefjorden går Austadvika søraustover mellom Uenes og Drangeid. På andre sida av Drangeid ligg vatnet Selura.

Namn endre

Fjorden har namn etter holmen Grisen som ligg i fjorden.[1]

Kjelder endre

  1. Ole Bernt Syvertsen (1997). «Grisefjorden». I Jørn Sandnes, Ola Stemhaug. Norsk stadnamnleksikon (4. utg.). Oslo: Samlaget. s. 183. ISBN 9788252149050. 

Bakgrunnsstoff endre

Koordinatar: 58°18′55″N 06°39′36″E