Griseofulvin

kjemisk sambinding

Griseofulvin er eit antimykotikum som vert produsert av ymse artar i slekta penselmuggsoppar. Arten Penicillium griseofulvum vert rekna som den penselmuggsopparten som er best for framstilling av griseofulvin, og er òg arten griseofulvin fyrst vart funne i.

Den kjemisk strukturen til griseofulvin
Kulemodell av griseofulvin

Griseofulvin vert nytta i handsaming av ei rad ulike soppinfeksjonar, som ringorm. Griseofulvin er verksam mot dermatofyttar som har kitin i selleveggen, og har ikkje nokon effekt på andre soppar og heller ikkje på bakteriar.

Kjelder endre