Kitin
Kitin er eit hornaktig stoff som finst i hudskjelettet til kreps og insekt og i kjevane til dyr som fleirbørstemark og blekksprutar og raspetunger til blautdyr. Det finst også i hyfeveggen til soppar og i skjelet til nokre eincella algar. Ordet «kitin» kjem av det greske khiton, som tyder 'panserskjorte'.
Kitin er eit polysakkarid i slekt med cellulose og er forma som eit makromolekyl med stor styrke og motstandsevne. Det er bygd opp av N-acetyl-glukosamin-einingar, som er bundne til kvarandre med beta-1,4-glykosidbindingar.
-
Kitin i vengen til ei glansbille.
-
Rekeskal er danna av kitin.
-
Maurløvelarve med håraktige vekstar av kitin.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endreKjelder
endre«kitin» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Kitin» frå Wikipedia på bokmål, den 2. januar 2013.