Großes Wiesbachhorn


Großes Wiesbachhorn er ein 3 564 meter over havet høg fjelltopp i forbundslandet Salzburg i Austerrike, den tredje høgste fjelltoppen i Hohe Tauern. Det frittståande, bredekte fjellet er hovudtoppen på Fuscher/Kapruner-ryggen. Den djupe avgrunnen mot aust og søraust har med sine 2 418 meter den største høgdeskilnaden mellom dal og tind i Aust-Alpane.

Großes Wiesbachhorn
fjell
Großes Wiesbachhorn i 2004
Land  Austerrike
Fjellkjede Hohe Tauern
Høgd 3 564 moh.
Primærfaktor 450 m
Førstestiging 1700-talet
Koordinatar 47°9′25″N 12°45′18″E / 47.15694°N 12.75500°E / 47.15694; 12.75500
Kart
Großes Wiesbachhorn
47°09′25″N 12°45′18″E / 47.156944444444°N 12.755°E / 47.156944444444; 12.755
Wikimedia Commons: Großes Wiesbachhorn

På slutten av 1700-talet kleiv to bønder ved namn Zanker og Zorner frå landsbyen Fusch til topps på fjellet, som dei aller fyrste menneska.

Fyrstebestiginga av nordvestveggen fann stad den 15. juli 1924 og vart gjort av Franz Riegele og Willo Welzenbach. Dei nytta for fyrste gong isnaglar, noko som seinare vart vidareutvikla til isskruar. Nordvestveggen var ein av dei klassiske isveggane i Aust-Alpane, i dag er isbreen smelta vekk.

Kjelder endre