Opna hovudmenyen

Grovfjord Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Grov i Skånland kommune i Troms, skipa 22. januar 1939. Laget er aktivt med i fotball, skiidrett (både alpine og nordiske greiner) og skeisesport. Fotballaget spelar på Sletta stadion, der det opptrer i oransje trøyer og blå bukser og strømper.

Grovfjord IL hadde fleire dyktige langrennar på 1970-talet og presterte særleg sterkt i NM-stafetten 1973. I fyrste halvdelen av 1990-åra hevda Grovfjord seg i fotballen på distriktsnivå og markerte seg med gode plasseringar i seriesystemet på nivå tre.

KjelderEndra