Grov
tettstad i Tjeldsund i Troms og Finnmark
Grov er ein tettstad med 400 innbyggjarar per 1. januar 2017 i Tjeldsund kommune i Troms og Finnmark. Staden ligg på austsida av Grovfjorden. Riksveg 825 og 829 møtest i bygda. Av kommunale tilbod er det barne- og ungdomsskule med symjehall, barnehage, bibliotekfilial og bu- og servicesenter. Det er to mekaniske verksemder der og det vert også drive jordbruk og oppdrett av laks og skjel. Tidlegare vart det laga båtmotorar ved Grov Mek Verksted.
Grov | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Tjeldsund | ||
Areal | 0,58 km² | ||
Folketal | 400 (2017) | ||
Folketettleik | 690 / km² | ||
Postnummer | 9446 GROVFJORD | ||
![]() Grov | |||
Wikimedia Commons: Grov | |||
KjelderEndra
- Kart frå SSB over tettstadgrenser i Troms.Denne geografiartikkelen som har med Troms og Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.