Grovfjorden
Grovfjorden (samisk Roabavuotna) er ein fjordarm av Astafjorden i Tjeldsund kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 9 km søraustover til grenda Laberget i botn av fjorden. Fjorden er delt i to av eit smalt sund midtvegs inn i fjorden. Her ligg tettstaden Grov på austsida.
Grovfjorden | |||
fjord | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Tjeldsund | ||
![]() Grovfjorden | |||
Wikimedia Commons: Grovfjorden | |||
Fjorden har innløp mellom gardane Fornes i vest og Stretet i aust. Bortsett frå desse to er det ingen busetnader i den ytre delen av fjorden. Ved Grov kryssar Riksveg 825 fjorden og held fram vidare ut fjorden på austsida. I den indre delen av fjorden ligg grendene Marskar og Laberget på sørsida av fjorden og i tillegg finn ein andre gardsbruk på nordaustsida.
I tillegg til Rv825 går Riksveg 829 langs austsida av fjorden nord til Grov. På vestsida av den indre delen går Fv114.