Opna hovudmenyen
Grudziądz
Gamlebyen i Grudziądz
Gamlebyen i Grudziądz
Flagget til Grudziądz Byvåpenet til Grudziądz
Flagget til Grudziądz Byvåpenet til Grudziądz
Motto
«Grudziądz - miasto na szczęście»
(Grudziądz - byen med lykkja)
Plassering
Grudziądz is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Kujaviskpommerske
Grunnlagd
Byrettar
1000-talet
1291
Borgarmeister Robert Malinowski
Geografi
Flatevidd
 - By

57,76 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

99 090
  1716/km²
Koordinatar 53°29′33″N 18°46′34″EKoordinatar: 53°29′33″N 18°46′34″E
Høgd over havet 50 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 86-300 til 86-311
Telefon-retningsnummer +48 056
Bilnummer CG
Nettstad: www.grudziadz.pl

Grudziądz (tysk Graudenz, latinsk Graudensis, russisk Грудзёндз, Grudziondz) er ein by nord i Polen ved elva Wisła med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg i Kujaviskpommerske voivodskap (sidan 1999) og var tidlegare ein del av Toruń voivodskap (1975-1998).

HistorieEndra

 
Gamle kornkammer i Grudziądz

Grudziądz (då kalla Graudenc) fekk byrettar i 1291 og tilslutta seg den prøyssiske konføderasjon i 1440. Mellom 1466 og 1772 høyrte byen til den polske krona som del av provinsen Det kongelege Preussen, som hadde stor grad av sjølvstyre. Ved den første delinga av Polen i 1772 vart byen annektert av kong Fredrik II av Preussen og vart slik same år del av kongedømet Preussen. I 1878 vart det bygd ei bru over Wisła (tysk Weichsel), noko som medverka til ei rask industrialisering av Graudenz. Ved riksdagsvala i 1912 fekk polske kandidater 21 prosent av stemmene, medan Det tyske nasjonalliberale partiet fekk 53 prosent.

Den 23. januar 1920 vart byen, som hadde ein overvegande tysk folkesetnad (84 %), del av den andre polske republikken som vart etablert etter den første verdskrigen.

Den 3. september 1939 erobra tyske militære styrkar byen. Det tyske styret varte i fem år. Ved Grudziądz låg den tyske konsentrasjonsleiren Graudenz som var satellittleir under konsentrasjonsleiren Stutthof lenger nord. Under kampane vinteren 1945 vart over 60 prosent av Grudziądz øydelagt.

KjelderEndra

FotnotelisteEndra

  1. Innbyggjartal frå det polske statiske sentralbyrå 2008