Grue kyrkje
Grue kyrkje er ei langkyrkje frå 1828 på Kirkenær i Grue kommune i Innlandet fylke.
Grue kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Grue | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Solør, Vinger og Odal | ||
Sokn | Grue | ||
Fellesråd | Grue | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Hans Ditlev Franciscus von Linstow | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Tegl | ||
Innvigd | 28. september 1828 | ||
• Endringar | 1864, 1975–77, 2009 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Linstow | ||
Døypefont | Raud granitt, Wilhelm von Hanno | ||
Altartavle | Kross med bladgull på blå bakgrunn | ||
Orgel | Brødr. Torkildsen, 1998 | ||
Sitjeplassar | 500 | ||
Grue kyrkje 60°26′57″N 12°03′11″E / 60.44916667°N 12.05305556°E | |||
Wikimedia Commons: Grue kirke |
Den gamle kyrkja
endreDet har vore kyrkje på Kirkenær sidan mellomalderen. Ei stavkyrkje vart oppført på 1200-talet og utvida med lafta sidefløyar omkring 1600. Denne kyrkja brann ned den 26. mai 1822 i det som står som den verste kyrkjebrannen i norsk historie. Etter brannen vart det kravd at utgangsdørene i norske kyrkjer skulle slå utover, og mange dører vart hengsla om som fylgje av dette. Kyrkjestaden på Kirkenær vart dessutan flytta, sidan den gamle var utsett for flaum og erosjon. Prestegarden er framleis ved den gamle kyrkjestaden.
Den noverande kyrkja
endreKyrkja vart teikna av H.D.F. Linstow og oppført i pussa teglstein, med viglsing i 1828. Kyrkja har gotiske (spissboga) vindauge og dører, men framtoninga elles er eit stykke unna den nygotikken som breidde om seg frå 1850-talet. Tårnet har ei form som minnar om bysantinsk arkitektur.
På kyrkjegarden er eit minnesmerke over kyrkjebrannen i 1822 der det står at det var 113 dødsoffer. Det kan sjå ut til at 3-4 utanbygdsfolk ikkje er rekna med i dette talet.
Sjå òg
endreLitteratur
endre- Collett, John Peter (1978). Kirke og menighet i Grue gjennom 150 år. Grue kirke 1828-1978. Grue menighetsråd. s. 189-191, 271-274 og 377-379. ISBN 82-7104-041-3.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 630. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- «Grue kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Artemisia.no
- Grue kommune
- Grue kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren