Durra

kornslag i slekta Sorghum

Durra, sorghum eller sorgum (Sorghum bicolor eller Sorghum vulgare) er ein eittårig kornplante av slekta Sorghum.[1]

Durra
Durra
Durra
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Panicoideae
Stamme: Andropogoneae
Understamme: Andropogoninae
Slekt: Sorghum
Art: Durra S. bicolor
Vitskapleg namn
Sorghum bicolor

Planten er særleg viktig i tropiske område ettersom han toler tørke svært godt. Framfor alt er han ein viktig mat- og fôrplante i Afrika. Ein dyrker òg durra i tempererte område.

Dyrking

endre

Ein reknar med at menneske tok til å dyrka vill durra fann for rundt 2 000 år sidan i Aust-Afrika, truleg i Etiopia, Sudan eller øvre Egypt. I India og på den arabiske halvøya har ein likevel gjort mykje eldre funn av durra som kan ha vore dyrka.

Afrikanske slavar tok planten med seg til Nord-Amerika tidleg på 1600-talet. USA er i dag verdas største durraprodusent, med 12 mill. tonn av en verdensproduksjon på 56 mill. tonn (2004). Deretter kjem Nigeria og India med 8 og 7 mill. tonn.

Dei mange ulike durratypane blir vanlegvis delte inn i fire grupper etter bruksområde:

  • Korndurra
  • Grasdurra, som blir brukt til beiting og høy
  • Sukkerdurra eller søtdurra, som blir brukt til å laga sirup
  • Sortar som blir brukt til å laga kostar og børster

I fleire regionar i India lagar ein eit ugjæra brød av durra som blir kalla bhakri. I Nigeria bryggar ein øl og i Kina lagar ein eit brennevin, maotai, av durra.

Kjelder

endre
  1. «durra». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 15. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre