Gudmund Sandvik (fødd 1925 i Høyland i Rogaland, død 2. februar 2008 i Oslo) var ein norsk professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo frå 1975.

Gudmund Sandvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mars 1925
Død

2. februar 2008 (82 år)

Yrke professor

Sandvik blei cand.philol i 1954 med hovudfag i historie og bifag i norsk og fransk. Han var lærar ved Lycée Pierre Corneille i Frankrike, lektor ved Sorbonne-universitetet i Paris og ved landsgymnasetVinstra før han kom til Historisk institutt ved Universitetet i Oslo. I 1965 tok han doktorgraden med ei avhandling om eigedomsretten til dei norske prestegardane.

Sandvik var leiar av det offentlege utvalet som i 1983 la fram forslag til ny stadnamnlov.

Som medlem av Samerettsutvalet og rettsgruppa som utgreidde retten til land og vatn i Finnmark gjorde han grundige studiar av nordnorsk og samisk historie. I dette utvalet hadde han mellom anna ansvaret for å utarbeide den historiske grunngjevinga for den nye paragrafen i Grunnlova om rettsstillinga til samane.

Sandvik gjekk av i 1995, men heldt kontakt med fagmiljøet sitt også etter at han var blitt pensjonist.

Bibliografi

endre
  • Studiar kring problemet eigedomsretten til dei norske prestegardane 1965 (doktoravhandling)
  • Dømande kommisjonar i Norge 1974
  • Det gamle veldet 1975
  • Settargjerda i Tunsberg og kongens jurisdiksjon 1986
  • Forelesninger i rettshistorie 1990

Kjelder

endre

som oppgav som kjelde: