Samisk historie er historia til samane, om kor lenge samane har eksistert som folkegruppe, kvar det samiske området har vore og er, og kva tilhøve dei har hatt og har til andre folkeslag.

Illustrasjon til Historia de Gentibus Septentrionalibus av Olaus Magnus frå 1555: Samar på jakt

Tidshorisont endre

Språkhistoria kan fortelje at dei samiske språka oppstod for rundt eller i overkant av 2000 år sidan, då det finsk-samiske urspråket vart delt i eit sørleg (austersjøfinsk) og eit nordleg (samisk) språk. I den tida starta den samiske historia, så lenger attende enn det gjev det ikkje meining å snakke om samisk historie.

Dei samiske språka utgjer den vestlegaste greina i den uralske språkfamilien, der dei tre vestlegaste greinene (samisk, austersjøfinsk og til dels òg mordvinsk er i nærare slekt enn dei andre uralske språka. Den språklege utviklinga frå eit finsk-ugrisk urspråk til moderne samisk er kartlagd via samanliknande språkforsking, jf. samisk språkhistorie. Sjølve oppsplittinga mellom austersjøfinsk og samisk (og dermed starten på samisk historie) kom som resultat av meir kontakt med baltisk og urnordisk i sør, på det som skulle bli dei austersjøfinske språka.

Busetjingsområde endre

 
Sørgrensa for det samiske området (i Finland), etter T.I.Itkonen 1947

I dag omfattar det samiske busetjingsområdet det sentrale og nordlege Noreg ned til Femunden og Trollheimen, og på svensk side frå grenseelven Torneälven langs Kjølen ned til Idre øvst i Dalarna. I Finland er området avgrensa til Enontekis kommune i nordvest og området frå sørenden av Enaresjøen opp til norskegrensa. I Russland er Kolahalvøya det tradisjonelle busetjingsområdet.

Det opphavlege samiske busetjingsområdet låg ein heilt annan stad, i søraustre Finland og sørvestre Karelen. Seinare spreidde det samiske språkområdet seg nordover, til det nordlege Skandinavia, samtidig som finsk ekspansjon nordover assimilerte samane i det som i dag er sørlege og midtre Finland. Eit døme på ei samegruppe som har vorte assimilert i seinare tid, er kemisamene. Kemisamisk vart snakka fram til 1800-talet i Sodankylä-området, og språket vart òg brukt tidlegare i Kajanaland.

Jernalder endre

Samiske stadnamn viser kontakt med urnordisk (dvs. kontakt eldre enn 800-talet langs kysten av Troms og Finnmark. Norrøne kjelder fortel om busetnad opp til Bjarkøya i Troms.

I samiske segn høyrer vi om tsjudane, som ifølgje samisk tradisjon kom frå aust og plyndra og drap samane. Tjudane er namnet russarane på 800-talet sette på karelarane (dei austlege austersjøfinnane), t.d. heiter grensesjøen Peipus mellom Estland og Russland Tsjudskoe ozero på russisk.

Ei tidleg overlevering om samane er Ottar, som på 800-talet fortalde om korleis han som den nordlegaste av alle nordmenn skattla og handla med samane. Harald Hårfagre gifta seg ifølgje Snorres kongesagaer med samekvinna Snøfrid. Øyvind Skaldespiller nemner òg samane i sina kvad, blant anna samisk husdyrhold. Høvding Ottar fortalde at han hadde 600 uselde, tamme reinsdyr, der seks av dei var lokkerein.[1] Desse var kostbare hjå samane fordi lokkerein vart nytta til villreinfangst.[1] Også Historia Norvegiae frå 1200-talet nemner samane, og fortel at nordmennene bur langs kysten og samane på innlandet. Ut frå desse kjeldene kan ein slutta at det var eit nokså livleg samkvem mellom dei norrøne samfunna og samane.

Alderen på sørgrensa til det samiske området har vore omstridd, og er det delvis i dag. Tidlege framstillingar har sett på samane som urfolk i Fennoskandia, noko som kan forklare den store interessa for samiske tema i romantikken. Med ei nasjonalt orientert historieskriving på slutten av 1800-talet vart dette synet utfordra. Yngvar Nielsen skreiv i 1891 på oppdrag frå norske styresmakter ein rapport som konkluderte med at sørsamane ikkje hadde budd sør for Lierne før rundt 1500[2]. Knut Bergsland har argumentert mot dette synet, m.a. med utgangspunkt i sørsamiske stadnamn, som viser at namna må vere lånt frå urnordisk før synkopetida. Inger Zachrisson viste i 198x at arkeologiske funn på Vivallen på svensk side aust for Røros er av same type som samiske funn nord for Umeå, altså kunne ho stadfeste samiske bustader såpass langt sør allereie på 800-talet. Andre arkeologar har gjort funn lenger sør (som i Østerdalen), men desse har ikkje på same måte prega debatten[3]. For ei nærare drøfting, sjå sørsamisk historie.

Mellomalder og inngangen til nytida endre

På 1000-talet etablerte nasjonalstatane Noreg og Sverige seg. Sverige tok på 11-1200-talet kontrollen over Finland. Langs den nordnorske kysten vart makta til dei mektige høvdingane broten, og samane vart etter kvart meir avsides og mindre interessante som skattebetalarar og handelspartnarar.

Samane hadde, som nabospråka sine, ein førkristen religion. Samane dyrka dyr, steinar, fjell og himmellekamar som guddomar. Med innføringa av kristendommen i mellomalderen kom det visse element frå kristen tru inn i samisk religion.

Skatteinnkrevjing og statsgrenser endre

 
Sidasystemet på 1600-talet.
 
Sameland og oppdelinga i sidaer.
 
Sverige, Noreg og Novgorod sine skatteland i Sameland i mellomalderen og i byrjinga av nytida.
 
Sveriges, Noregs og Russlands landområde i Sameland 1613-1751.

Skatteinnkrevjinga frå Sverige, Danmark-Noreg, og Russland (i byrjinga Novgorod) fungerte som grunnlag for etableringa av statsgrensene i Sameland i mellomalderen. Mange sidaar måtte i mellomalderen betale skatt til to og tre statar.

Sverige skattla lappmarkene Kemi, Torneå, Luleå, Piteå og Umeå, og samar på norsk side frå Tysfjorden til Varanger. Kong Magnus Ladulås overlot skatteinnkrevjinga til birkarlane.

Noreg skattla sidaar frå Snåsa til Varanger og inn på Kolahalvøya. Novgorod skattla samane på og sør for Kolahalvøya, og i Kemi lappmark (bortsett frå Kittilä) og kysten frå Varanger til Malangen.

Etter Freden i Teusina prøvde Sverige å få tilgang til Ishavet. Det måtte dei likevel gje opp med freden i Knærød i 1613, då Danmark-Noreg fekk rett til å krevje inn skatt av sjøsamane i området frå Tysfjord til Varanger. Danmark-Noreg ville ha eit godt tilhøve til Russland, og slutta med skatteinnkrevjing på Kola etter 1611. Etter dette var det i Sameland to område med overlappande juridiksjon: Aviovaara, Kautokeino, Lappojärvi, Tana og Utsjoki i Tornie lappmark og Enare i Kemi Lappmark. I praksis styrte Sverige dette området. Det norsk-russiske området høyrde Neiden, Paatsjoki og Petsamo, som i praksis låg under Russland

Med desse grenseavklåringane, og med eit auka folketal og betre kommunikasjonar, vart dei ulike statane meir synleg i Sameland. Området aust i Kemi lappmark vart likevel verande eit svensk-russisk fellesområde, og området nord for Enare eit dansk-svensk fellesommråde. Med Strömstad-atalen i 1751 vart dette området delt, til dei danske forhandlarane sin fordel. Ávjovárri, Kautokeino og Lappojärvi, og halvparten av sidaane i Tana og ein fjerdedel av dei i Utsjok, kanskje på grunn av dårleg handverk blant dei svenske forhandlarane.

Etter at Finland gjekk til Russland i 1809 vart grensa mellom Sverige og det finske autonome fyrstedømmet drege langs Muonioelva. At Finland vart ein del av Russland førte også til at dobbeltbeskattinga av Kemi lappmark tok slutt (i 1814). Grensa mellom Russland og Finland i nord vart gått opp, drege, og godkjend i 1833.

Den norsk-russiske grensa vart drege i 1826 ved avtalen i St. Petersburg. Noreg fekk også no ein god avtale, og fekk norddelen av Neiden-sidaen og vestdelen av Paatsjoki-sidaen. [4]

Nytid endre

 
Samisk familie (Noreg, ca. 1890-1900), fotokromtrykk

Misjonsverksemd endre

Russiske misjonærar, den første vi kjenner var munken Trifon, nådde Kolahalvøya, Nordaust-Finland og Sør-Varanger på 1500-talet, og samane i dette området vart kristna som ortodokse. St. Georgs kapell i Neiden vart bygd ca. 1565 (dagens kapell er nyare) og Boris Gleb like over grensa på russisk side har vore kyrkjestad endå lengre.

Frå 1600-talet av auka påverknaden frå det no protestantiske Norden i intensitet. Eit element i dette var at kontroll over samane inngjekk i striden mellom Sverige-Finland og Danmark-Noreg. Til dømes bygde svenskane kyrkjer i både Karasjok og Kautokeino på byrjinga av 1700-talet for å sikra desse områda som svenske (noko dei vart verande i alle fall i kyrkjeleg forstand fram til 1751). Sentral i kristninga på norsk side var misjonæren Thomas von Westen. På byrjinga av 1700-talet innførte han ei strengare form for luthersk kristendom blant samane, samla inn og brann runebommer og forbaud tradisjonelle samiske namn. Etter von Westen si tid var samane sin religiøse praksis i hovudsak basert på kristendomen, sjølv om førkristne element framleis må ha spelt ei rolle.

Samar vart assimilerte også i Sverige-Finland. Dei samane som ikkje vart assimilerte, flytta til innlandet og dreiv med reindrift, ifølgje forskaren Noel D. Broadbent[5].

1800-talet: Pengeøkonomi endre

Interessa for nordområda auka i løpet av 1800-talet. På kysten auka produksjonen av tørrfisk, klippfisk og sild for eksport. Frå og med 1910-talet kom det òg til motorar i fisket. Mange stader, som i Kåfjord i Alta, i Kiruna og i Kirkenes vart det sett i gang bergverk som førte til innvandring av andre folkegrupper. Finnmark vart opna for jordbruk som resultat av finsk innvandring, det same skjedde i indre Troms, med innvandring frå Østerdalen. Den store sveltkatastrofen i Finland i 1860-åra førte til ei stor finsk innvandring til både det nordlegaste Finland, Nord-Sverige og Nord-Noreg, særleg til Aust-Finnmark.

Den allsidige samiske levemåten, som tidlegare hadde vore meir fleksibel og tilpassingsdyktig enn nabofolka sine, vart no akterutsegla. Samane hadde mindre å handla med, og varene deira var ikkje så etterspurte. Reindriftskulturen lei òg under grensedragningene mellom landa. Grensa mellom Noreg og Russland vart stengt i 1826, mellom Noreg og Finland rundt 1850, og mellom Noreg og Sverige gradvis frå 1905 til ho endeleg vart stengt i 1940. Gamle trekkvegar vart dermed stengt, og sesongbeite vart sperra. Den fine balansen mellom nytta av ulike beiteområde til ulike årstider vart forstyrra.

Røysterett for samar endre

den norske grunnlova vart vedteken i 1814 vart det bestemt i Grunnlova si § 50 at for å få røysterett måtta ein eige eller leige matrikulert jord, eller ha ein formue på minst 150 spesidalar. Dette ekskluderte dei fleste samane frå å få røysterett. Tanken bak røysterettsparagrafen var at dei som betalte skatt, skulle få rett til å røysta ved val. Sjølv om dei færraste i Finnmark åtte matrikulert jord, betalte mange likevel skatt, den såkalte rettsskatten (tidlegare kjent som finneskatten). Mange samiske familiar åtte òg reinsdyr til ein verdi av langt over dei påkravde 150 spesidalarane. Den manglande røysteretten til samane vart teken opp i Stortinget i 1818, og ein særskild røysterett for Finnmark vart einstemmig vedteken i 1821.[6]

Assimileringspolitikk endre

For meir om dette emnet, sjå Fornorskinga av samar og kvener.

Nasjonalismen vart ei drivande kraft i samfunnsutviklinga, særleg frå slutten av 1800-talet. Ideen om at alle i nasjonen skulle snakka same språk og dela same kultur vart utbreidd.

Lese- og skriveopplæring hadde nokre stadar føregått på samisk allereie frå 1600-talet av, og prestar og lærarar la i løpet av 1700-talet og tidleg 1800-tal vekt på å forkynne og undervise på samisk. Dette vart det slutt på utover 1800-talet, fordi statane hadde ambisjonar som gjekk utover territoriell og religiøs kontroll over samane. Ein sterkare og moderne stat føresette eit felles språk, og nasjonalismen argumenterte for same kultur og språk i heile landet, ei assimilering.[7] Samisk kultur vart sett på som primitiv.

På norsk side vart ein koordinert og systematisk fornorskning sett inn frå siste halvdel av 1800-talet, og denne vart forsterka først på 1900-talet, samstundes som Noreg vart ein sjølvstendig nasjon. I denne perioden vart det forbode å undervisa på samisk, gudstenester på samisk vart òg forbodne og samisk vart ikkje brukt av lensmenn, ordførarar osb. Frå 1902 sa jordsalsloven for Finnmark at berre dei som kunne snakka og skriva norsk og bruka språket til dagleg kunne kjøpe jord. Barn som budde for langt unna skolebygg vart samla i internatskolar, der det berre var tillate å snakka norsk.

Etter kvart gav fornorskinga resultat, og mange samar slutta å overføra språket til borna. Eit døme er at i folketeljinga av 1930 oppgjev over halvparten av folkesetnaden i Kvænangen anten samisk eller finsk som hjemmespråk, i 1950 oppgav éin person å snakka samisk og éin å snakka finsk. Samisk språk forsvann frå store område, til dømes forsvann kaldfjordsamisk, dialekten som vart snakka på Kvaløya og Ringvassøya i Troms på 1920-talet.

Fornorskninga finn ein att i arkitekturen i Sameland. Bygg som Solhov folkehøgskole i Lyngen og Neiden kyrkje i Sør-Varanger er bygd som kopiar av det samtida såg på som gamalnorsk byggestil, for dermed å bygge landsdelen saman med Sør-Noreg.

På svensk side var politikken noko meir fleksibel og mindre brutal. Her vart det i større grad nytta samisk i undervisinga, og det vart òg eksperimentert med å la lærarane følgja flyttingane til reindriftssamane.

I Finland var det ikkje nokon vedteken politikk for forfinsking, slik som fornorskinga i Noreg. Men i praksis føregjekk all undervising på finsk fram til 1970-talet. I etterkrigstida vart det bygd internatskolar der ein stor del av dei samiske elevane måtte gå, og desse bidro til forfinskinga. Evakueringa etter brenninga av Lappland førte også til ei auka forfinsking.

Etter revolusjonen i Russland i 1917 vart reindrifta på Kolahalvøya kollektivisert. Midt på 1960-talet vart mange samiske busetjingar nedlagt og styresmaktene samla dei fleste samane i Lovozero, midt inne på halvøya. Kollektiviseringa til at til gamle drifts- og livsformer i stor grad gjekk tapt. I tida etter revolusjonen var sovjetstaten oppteken av å gje undervising på samisk språk, og dei laga eit samisk skriftspråk, gav ut skolebøker og hadde undervisning på samisk. Denne politikken vart endra etter 1937, og det vart då i fleire tiår ikkje gjeve noka undervising i eller på samisk.

Organisering endre

 
Frå Samemøtet i 1917 i Metodistkirken.

Sjølv om fornorskingspresset i Noreg var sterkt i over hundre år, var det likevel mange samar som prøvde å stå imot. I nord gav Anders Larsen ut avisa Saǥai Muittalægje i perioden 1904–1911. Isak Saba vart den første samiske stortingsrepresentanten i 1906.

I Sverige vart det skipa ein sameorganisasjon så tidleg som i 1903, Tärnaby lappeforening i Tärnaby.[8] Ein norsk sameorganisasjon, Buolbmag Same Særvve, vart skipa nyttårshelga 1911 i dåverande Polmak kommune.[8]

Sørsamen Daniel Mortensson stod bak avisa Waren Sardne, som kom ut i periodane 1910–1913 og 1922–1926. Saman med Elsa Laula Renberg var han drivkrafta bak det første samiske landsmøtet som vart halde i Metodistkyrkja i Trondheim 6.-9. februar 1917. Det vart då prøvd å få til ein samisk riksorganisasjon, men det lukkast ikkje.

Samiske riksorganisasjonar kom først etter 2. verdskrigen, med Norske Reindriftsamers Landsforbund i 1948 og Norske Samers Riksforbund i 1968.[9]

Læstadianismen endre

Det svensk-samiske presten Lars Levi Læstadius, som verka som prest i Karesuando og Pajala mot midten av 1800-talet, var ein forkjemper for ei streng fortolking av den lutherske læra. Han arbeidde òg mot den utbreidde alkoholismen blant samane i denne perioden. Alkohollovgjevinga var i denne perioden svært liberal i Norden, men i dei samiske områda vart effektane av alkoholbruk ekstra merkbare på grunn av den marginale økonomien. Den læstadianske vekkingsrørsla førte i 1852 til ein valdeleg oppstand i Kautokeino (Kautokeino-opprøret). Dette utbrotet av valdsbruk har ikkje gjenteke seg blant læstadianerne, i staden framstod dei utover 1800-talet og seinare som ei sterk konserverande kraft i samfunnet.

På denne måten bidrog dei også som ei sterk motkraft mot fornorskinga. Blant anna preika læstadianerne alltid på fleire språk. Samisk var alltid i bruk som gudstenestespråk, og i lag med Bibelen på nordsamisk (som kom ut i 1896) utgjorde dette den einaste samiske offentlegheita gjennom fornorskingsperioden. Dei religiøse førestillingane og skikkane som hadde overlevd kristningen av samane på 16-1700-talet vart derimot ikkje lenger tolererte blant læstadianarane, og dermed veik den synkretistiske religionen til fordel for ein meir rettruande lutherdom.

Etterkrigstida endre

2. verdskrig og gjenoppbygging endre

 
Den samisktalende befolkinga i Finnmark 1950

Etter øydeleggingane under andre verdskrigen vart Sameland drege inn i moderniseringsprosessen. Attreisingsprosessen gav ei fornying av bustadhusa, arbeidslivspolitikken resulterte i ei overføring til pengeøkonomi og auka levestandard. Detta gjorde Sameland meir likt storsamfunna.

2. verdskrig ramma det samiske busetjingsområdet hardt, og det meste av Finnmark og Nord-Troms og store deler av Nord-Finland og delar av Kolahalvøya vart brunne ned eller bomba. Attreisinga etter 2. verdskrigen pågikk etter mønster og ideal frå storsamfunnet. Gjenoppbygde typehus, radioar og etter kvart fjernsynsapparat kom til, fiske, jordbruk og industri vart modernisert i eit planmessig forsøk på å bringa økonomien i nord på nivå med den i sør. Gammal samisk kunnskap vart dermed nedvurdert; alle ideala kom frå industri- og velstandssamfunnet. Attendegangen for samisk språk heldt dermed fram, og i sjøsamebygder som t.d. Manndalen (Kåfjord i Troms) og Kvalsund i Finnmark gjekk store delar av folkesetnaden over til å snakka norsk i tiåra etter krigen.

Den uttalte assimileringspolitikken veik derimot for ein mjukare, litt meir fleksibel haldning til samisk språk og kultur. Det vart utgjeve ei tospråkleg ABC-bok på 1960-talet og det kom til nyhende på samisk på riksnettet.

Samisk nasjonsbygging endre

På 1970-talet auka merksemda for det samiske. Alta-aksjonen i åra rundt 1979 førte til ei grunnleggjande omlegging i Noreg sin politikk ovafor samane. I 1989 vart det første Sametinget opna av Kong Olav. I 2005 kom Finnmarksloven, som sikrar samisk medbestemming over bruken av land og vatn i Finnmark.

Undervising på samisk endre

Fram til 1959 var det lovfeste at all undervising skulle føregå på norsk. Samisk opplæring i folkeskolen kom i gang på eit par skolar i 1967, og i 1985 vart det opna for å ha samisk som hovudspråk i heile grunnskulen. i 1969 kom det første gymnaset med samisk i Karasjok. I 1974 opna eit eige samisk forskingsinstitutt, Nordisk Samisk Institutt i Kautokeino,[10] og Universitetet i Tromsø har heilt sidan starten hatt ein samisk seksjon.

Konferansar endre

Det første seminaret i Noreg for å kartleggje gammal samisk båtbyggerkultur vart halde i 2007.[11]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «reindrift». Store norske leksikon. Henta 12. oktober 2019. 
  2. Yngvar Nielsen (1891). «Lappernes fremrykning mot syd i Trondhjems stift og Hedemarkens amt». Det norske geografiske selskabs årbog (Kristiania) 1 (1889-1890): 18–52. . Andre historikarar som har kome til tilsvarande konklusjonar er Kjell Hårstad og Jørn Sandnes.
  3. «Samisk jernalder i Østerdalen». forskning.no. 14. januar 2008. «Jostein Bergstøl har skrevet doktorgradsavhandling om samer i Østerdalen, etnisitet i jernalderen og middelalderen i det nordøstre Hedmark. Arkeologen har gjort en helhetlig sammenstilling av arkeologiske funn av gravsteder og fangststeder, noe som ikke har vært gjort tidligere. Han mener å dokumentere at det har vært en omfattende samisk bosetting i Østerdalstraktene allerede 1500 år tilbake i tid.» 
  4. T. I. Itkonen,Suomen lappalaiset vuoteen 1945. Ensimmäinen osa
  5. «– Her bodde det samer i gammel tid». NRK. Henta 12. oktober 2019. 
  6. Norgeshistorie.no, Marthe Hommerstad: «Samenes stemmerett - en «forglemmelse» i Grunnloven». Henta 13. des. 2016.
  7. Norgeshistorie.no, Ketil Zachariassen: «Fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar». Henta 21. des. 2016.
  8. 8,0 8,1 Hans J. Henriksen (januar 1976). «Sameforeninger i første del av 1900-tallet». Ottar 88 (Universitetet i Tromsø). 
  9. Norgeshistorie.no, Ketil Zachariassen,«Samane si politiske organisering på 1900-talet». Henta 30. des. 2016.
  10. «Sámi Instituhtta». Store norske leksikon. Henta 11. oktober 2019. 
  11. Fokus på samisk båtbygging Arkivert 2019-10-14 ved Wayback Machine.. Harstad Tidende. Vitja 2019-10-14. «Nordnorsk fartøyvernsenter- og Indre Sør-Troms museum (NNF/ISTM) samlet denne uken fagfolk fra hele landet til historiens første seminar for å kartlegge gammel samisk båtbyggerkultur. I tillegg til [...] bestod de vel 40 deltakerne av fagfolk fra blant annet universitetene i Oslo og Tromsø, Sametinget, lokalhistorikere, båtbyggere, samt representanter fra Riksantikvaren og flere museum i Nord-Norge.»

Kjelder endre

  • Hansen, Lars Ivar og Bjørnar Olsen Samenes historie fram til 1750. Cappelen Damm Akademisk 2004 ISBN 82-02-19672-8 427 s.
  • Itkonen, T. I. (1984). Suomen lappalaiset vuoteen 1945. Ensimmäinen osa (2. painos (1. painos 1948) utg.). Porvoo Helsinki Juva: WSOY. ISBN 951-0-12479-6. 
  • Itkonen, T. I. (1984). Suomen lappalaiset vuoteen 1945. Toinen osa (2. painos (1. painos 1948) utg.). Porvoo Helsinki Juva: WSOY. ISBN 951-0-12480-X. 
  • Korhonen, Mikko 1988: The history of the Lapp language. Sinor, Denis: The Uralic languages. Description, history and foreign influences. Leiden: E.J. Brill. s. 264-278.
  • Korhonen, Mikko: Johdanto lapin kielen historiaan. Helsinki: SKS.
  • Sammallahti, Pekka 1989: A Linguist Looks at Saami Prehistory. Acta Borealia, vol 6, (s. 3-11).
  • Sammallahti, Pekka 1998: The Saami languages. An introduction. Karasjok: Davvi girji
  • Hundreårsjubileum for samenes første landsmøte Arkivert 2017-02-11 ved Wayback Machine., artikkel hos Norgeshistorie.no

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur
  • Kylli, Ritva (2012). Saamelaisten kaksi kääntymystä: Uskonnon muuttuminen Utsjoen ja Enontekiön lapinmailla 1602–1905. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura. ISBN 978-952-222-349-4. 
  • Massa, Ilmo & Snellman, Hanna (toim.) (2003). Lappi: Maa, kansat, kulttuurit. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura. ISBN 951-746-505-X. 
  • Pennanen, Jukka & Näkkäläjärvi, Klemetti (päätoim.) (2000). Siiddastallan: Siidoista kyliin: Luontosidonnainen saamelaiskulttuuri ja sen muuttuminen. Oulu: Pohjoinen. ISBN 951-749-347-9. 
  • Pentikäinen, Juha (1995). Saamelaiset: Pohjoisen kansan mytologia. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura. ISBN 951-717-826-3. 
  • Seurujärvi-Kari, Irja & Halinen, Petri & Pulkkinen, Risto (toim.) (2011). Saamentutkimus tänään. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura. ISBN 978-952-222-220-6. 
  • Siikala, Anna-Leena: Uralilainen ja saamelainen mytologia. Teoksessa Fogelberg, Paul (toim.) (1999). Pohjan poluilla: Suomalaisten juuret nykytutkimuksen mukaan. Helsinki: Suomen tiedeseura. ISBN 951-653-294-2. 
  • Tuominen, Marja ym. (toim.) (1999). Pohjoiset identiteetit ja mentaliteetit. Osa 1, Outamaalta tunturiin. Rovaniemi: Lapin yliopisto. ISBN 951-634-697-9. 
  • Viinanen, Voitto Valio (2002). Inarin rajahistoria. 1, Pohjoiset valtarajat Inarin – Jäämeren alueella 1500-luvulta 1800-luvulle. Pohjois-Suomen historiallinen yhdistys. ISBN 952-9888-19-8. 
  • Viinanen, Voitto Valio (2006). Inarin rajahistoria. 2, Inarin eteläiset ja läntiset rajat, tarkentuvat pohjoiset valtarajat sekä Suur-Sodankylän lapinkylien historialliset rajat. Pohjois-Suomen historiallinen yhdistys. ISBN 952-9888-29-5. 
  • Vuorelainen, Marja (1990). Lapin kuvat (1. painos: Suomalaisen kirjallisuuden seura utg.). Jyväskylä: Minerva. ISBN 952-5591-16-6. 
  • Zachrisson, Inger (2012). H. Tunón; et al., red. Samer i syd i gången tid - till Uppland och Oslotrakten i söder. Uppsala mitt i Sápmi. Rapport från ett symposium arr. av Föreningen för samiskrelaterad forskning i Uppsala.... (PDF). CBM:s skriftserie 5. Uppsala.: Naptek, Centrum för biologisk mångfald. 
  • Zachrisson, Inger (2010). Vittnesbörd om pälshandel? Ett arkeologiskt perspektiv på romerska bronsmynt funna i norra Sverige 3. Stockholm.: Fornvännen. 
  • Zachrisson, Inger (2007). Arkeologi inför rätta - sydsamernas äldre historia. Historisk rätt? : kultur, politik och juridik i norr. Stockholm: Riksantikvarieämbetet. 
  • Zachrisson, Inger (2004). Idre sameby - sydligast i Sverige. Idre sameby: med historiska spår i framtiden. Östersund.: Bokserie Gaaltije 3. 
  • Zachrisson, Inger (1997). Möten i gränsland :.samer och germaner i Mellanskandinavien. Stockholm: Statens historiska museum Monographs 4. 
Nettstader