Guercino
Giovanni Francesco Barbieri (8. februar 1591–22. desember 1666), betre kjend som Il Guercino («den skjeløygde»), var ein italiensk barokkmålar frå regionen Emilia-Romagna, aktiv i Roma og Bologna. Han laga også ei mengd framifrå teikningar.
Guercino | |
Sjølvportrett, ca. 1635 | |
Pseudonym | Guercino, Il Guercino, Guerchin |
Statsborgarskap | Kyrkjestaten |
Fødd | 8. februar 1591 Cento |
Død |
22. desember 1666 (75 år) |
Yrke | kunstmålar, teiknar, designar, biletkunstnar |
Sjanger | portrett, religiøst maleri |
Guercino på Commons |
Liv og gjerning
endreBarbieri var fødd i landsbyen Cento ved Bologna. 17 år gammal byrja han å arbeide i verkstaden til målaren Benedetto Gennari, ein målar av den såkalla Bologna-skulen. Seinast i 1615 hadde han flytt til Bologna, der arbeida hans vart rost av ein eldre Ludovico Carracci. Han måla to store måleri; Elias vert mata av ramnar og Samson pågripen av filisterar, der måleria ser ut til å vere skapt i ein naturalistisk stil à la Caravaggio. Med det er usannsynleg at Guercino hadde sett noko verk av Caravaggio. Måleria var bestilt av kardinal Serra, paven sin utsending i Ferrara.
Biletet Et in Arcadia ego vart måla i 1618, samstundes med Flåinga av Marsyas i Palazzo Pitti. Sjølv meinte han stilen hans var påverka av eit måleri i Cento av Annibale Carracci. Nokre av dei seinare verka hans synest heller å likne målemåten til hans store samtidige, Guido Reni, og er måla lysare og klårare. Også Sankt Petronellas gravleggjing og mottaking i himmelen vart laga i Roma, i 1621-22. Guercino nytta i dette verket seg av den type klassisisme som Carracci representerte.
Styrken og originaliteten i Guercinos verk vart merkbart forsømt etter han vart dregen inn i motreformasjonen sitt strenge biletprogram. Dei åra laga han elles ei rad altartavler.
Guercino over Reni sin verkstad i Bologna i 1642, då denne døydde. Han var ein høgt akta målar i samtida.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Guercino» frå Wikipedia på bokmål, den 4. april 2012.