Opna hovudmenyen

Gujari eller gojri, tidlegare kalla gujjar bhakha og gurjar apabhramsha, er eit indoarisk språk innanfor Rajasthani-gruppa som talast av gurjarane i det nordlege Pakistan, India og Afghanistan/ Språka rajasthani, marvari og gujarati er utvikla frå gujari. Poeten Bhoja refererte til Gaurjar Apabhramsha (Gurjar Apabhramsha) i 1014, og språket vart brukt som eit litterært språk så tidleg som på 1100-talet.

Språket vert hovudsakleg talt i Jammu og Kashmir, Himachal Pradesh, Rajasthan, Haryana, Uttaranchal, Punjab, Gujarat og mange andre deler av India/ Språket vert òg snakka av gurjarane i Pakistan. Mange ord på gujari stammar frå tyrkiske språk. Regjeringa i Jammu og Kashmir har anerkjent gujari som eit av seks offisielle språk i konstitusjonen.

KjelderEndra