Opna hovudmenyen

Gullik Madssen Rød (17869. august 1857) var ein norsk soldat, gardbrukar og eidsvollsmann.

Gullik Madssen Rød
Fødd 17. februar 1786
Holmestrand kommune
Død

9. august 1857

Yrke bonde, politikar
Gullik Madssen Rød på Commons
Bautaen eller gravminne over Gullik Madsen Røed på kyrkjegarden ved Sande kyrkje i Vestfold. Den vart reist 17. mai 1905. På bautaen står fødeåret 1785, men litteraturen seier 1786.
Foto: Stig Rune Pedersen

Rød var fødd i Botne, der faren var gardbrukar. Kring 1812 tok han over garden Bø i Sande i Vestfold etter svigerfaren sin. Han var elles kommandersersjant i sandeske kompani av telemarkske regiment.

I 1814 var Rød utsending frå telemarkske regiment til riksforsamlingaEidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet. Han «beundret Christian August og saa i Christian Fredrik samlingstegnet for vor nationale selvstændighet» [1]. 17. mai 1814 var han med i deputasjonen som møtte den nyvalde kongen, Kristian Fredrik.

Rød vart vald til å representere Jarlsberg og Larviks amtStortinget i 1836. Han møtte også på det overordentlege stortinget 1836-37. Mellom anna var han medlem av militærkomiteen.

Rød dreiv garden sin i Sande i lang tid. I alle år var han ein mykje nytta rådgjevar, var både prestens medhjelpar og forlikskommissær. Han døydde i Sande i 1857.

FotnotarEndra

  1. Lindstøl:738

KjelderEndra