Gunhild Halle Haugen

(Omdirigert frå Gunhild Halle)

Gunhild Halle Haugen (fødd 1. juni 1972) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Sandefjord som tevla i mellom- og langdistanseløp. I tida 1996-2002 vart ho noregsmeister fem gongar på 5000 meter, to gongar på 1500 m og like mange gongar på 10000 meter. Under EM i friidrett 2002 vart ho nummer åtte både på 5000 m og 10000 m. Gift Haugen i 2000. Ho var medlem av IL Runar og er i 2016 busett i Stavern. Per Halle er far hennar.

Gunhild Halle Haugen
Fødd 1. juni 1972 (49 år)
Sandefjord
Yrke langdistanseløpar

AktivEndra

Halle tok i 1992 steget opp mot noregstoppen på mellomdistansane med 4.22,0 på 1500 m og 9.10,4 på den doble distansen. I 1993-sesongen forbetra ho seg til høvesvis 4,20,3 og 9.02,6 på dei to distansane. I juni 1994 sprang ho inn til 8.56,7 i Helsinki, og fekk delta i europameisterskapen på same arenaen i august. Ho var då mindre enn eit halvt sekund frå å kvalifisere seg til EM-finalen. Like etter EM var over fekk ho notert 15.30,0 då ho i København sprang 5000 meter for aller fyrste gong.

I 1995 forbetra Halle den personlege rekorden på 1500 m til 4.17,3 under eit stemne i Tønsberg. På 5000 m forbetra ho seg til 15.22,6 og deltok under VM på den distansen, men braut allereie i kvalifiseringa. I august 1996 gjorde ho i Berlin sitt livs beste løp på 5000 m, tida 15.09,0 gav henne tredjeplassen på noregsstatistikken, etter Ingrid Kristiansen og Grete Waitz. Same sesongen vann ho sine to fyrste NM-gull, på høvesvis 1500 m og 5000 m. Sidan vart ho norsk meister på 5000 m i 1997 og 1999-2002, på 10000 m i 1999 og 2000, samt på 1500 m i 2000. Ho vart såleis trippelvinnar under NM 2000. I 2001 vart ho tildelt kongepokalen.

Med tida 4.16,7 gjorde Halle på Bislett stadion den 27. mai 1997 unna sitt snøggaste 1500-meterløp nokon gong. Under verdsmeisterskapen 1997 i Aten nådde ho ein internasjonal finale for fyrste gong, men enda på 14. plass. Ho var ikkje aktiv i 98-sesongen, men kom tilbake i 1999 og sprang mellom anna inn til siger i sitt aller fyrste milløp, under noregsmeisterskapen på Byrkjelo. Den 1. april 2000 i Lisboa sette Halle sin siste personlege rekord då ho vart klokka inn på 31.47,8. Sidan forbetra ho seg ikkje tidsmessig, men fekk sine beste internasjonale plasseringar under München-EM 2002, to åttandeplassar på langdistansane.

Pretasjonar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

Medaljar i norske meisterskapEndra

  • 1994: Bronsemedalje på 1500 m – 4.22,7
  • 1995: Bronsemedalje på 1500 m – 4.23,0
  • 1996: Gullmedaljar på 1500 m – 4,20,0 og 5000 m - 15,29,8
  • 1997: Gullmedalje på 5000 m – 15.53,6, bronsemedalje på 1500 m - 4.20,5
  • 1999: Gullmedaljar på 5000 m – 15.41,0, og 10000 m – 32.47,5
  • 2000: Gullmedaljar både på 1500 m – 4.20,6, 5000 m – 16.02,2, og 10000 m – 32.24,0
  • 2001: Gullmedalje på 5000 m – 15.36,6, og sølvmedalje på 1500 m – 4.18,4
  • 2002: Gullmedalje på 5000 m – 15.43,7, og bronsemedalje på 1500 m – 4.19,4

KjelderEndra