Gunnar Hartvigsen

Gunnar Hartvigsen (fødd i 1961 i Tromsø) er ein norsk informatikar. Han er professor ved Institutt for informatikk, ved UiT Noregs arktiske universitet.

Gunnar Hartvigsen
Fødd1961
NasjonalitetNoreg
Yrkeinformatikar
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Hartvigsen gjekk på Kongbakken vidaregåande skule frå 1977 til 1981, han vart cand.scient. i datafag ved Universitetet i Tromsø i 1987, og dr.scient. i informatikk i 1992. Hartvigsen vart amanuensis i 1989, førsteamanuensis i 1991 og professor frå 1994, 32 år gammal. I 2000 vart han professor II ved Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin og har frå 2007 vore fagleg leiar og senterleiar for Tromsø telemedisinlaboratorium, eitt av Noregs 14 første senter for forskingsdrive innovasjon (SFI).

Forskingsinteressene hans inkluderer ulike aspekt av telemedisin og medisinsk informatikk, spesielt elektronisk helseovervåkning, sjølvhjelpssystem for personar med kroniske lidingar, medisinske sensorsystem, menneske-maskin interaksjon (“CHI”) for mobile system, sosiale media og sosiale spel (“social computer and video games”) for personar med kroniske lidingar, elektroniske pasientjournalar, telemedisinske system for private heimar, kontekstsensitiv kommunikasjon og elektroniske dokument.

Hartvigsen var i perioden 2005-2009 prodekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Universitetet i Tromsø. Han har tidlegare m.a. vore instituttleiar, instituttnestleiar og undervisingsleiar ved institutt for informatikk. I 2004-2006 var han leiar for Nasjonalt fagråd for informatikk. I 2010 vart han medlem av NENT - Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitskap og teknologi. Han har sidan 2007 vore styremedlem i Simula Research Laboratory.

Hartvigsen har motteke ei rekkje forskingsløyvingar frå Noregs forskingsråd (Tromsø Telemedicine Laboratory NOK 240 mill. (80 mill. frå NFR) 2007-2014; Context-sensitive systems for mobile communication in hospitals NOK 4,4 mill. 2007-2010; Global Distributed Diary NOK 3,3 mill. 1996-2001; DiPato – Distributed Electronic Patient Record NOK 1,1 mill. 2000-2004), Helse Nord (Impact of Experience Sharing on Type 2 Diabetes Self-Management NOK 2,5 mill. 2011-2013; Self-help through a mobile ICT tool NOK 2 mill. 2005-2008), Tromsø forskingsstiftelse (Mobile phone-based health information for people with diabetes, NOK 1,2 mill., 2011-2014).

Hartvigsen har hatt fleire lengre forskingsopphald ved utanlandske universitet: Faculty of Computer Science, University of Twente, Nederland (1994–95), Faculty of Medicine, of Technology (haust 2006), Department of Health Science and Technology, Aalborg Universitet, Danmark (haust 2006), ITACA, Technical University of Valencia (Juli 2011), University of California Davis / UC Davis (haust 2011- vår 2012, til saman 6 månader).

Hartvigsen har skrive to bøkar: ” Forskerhåndboken ” og saman med Dag Johansen og Atle Måseide ”Informatikk og etikk”. Hartvigsen har publisert vel 230 vitskaplege arbeid om sosiale media, social computer games, smarthusteknologi, elektroniske helsejournalar, elektronisk helseovervåkning og telemedisinske system, distribuerte applikasjonar, programvareagentar, adaptive brukargrensesnitt, filsystemer, undervisningsrelatert programvare, kunnskapsbaserte system, mobile agentar og etikk.

Bakgrunnsstoff endre