Gunnar Alexander Huseby (4. november 192328. mai 1995) var ein islandsk friidrettsutøvar frå Reykjavik som vart europameister i kulestøyt i 1946 og 1950.

Gunnar Huseby
Statsborgarskap Island
Fødd 4. november 1923
Død

28. mai 1995 (71 år)

Idrett friidrett

Allereie i 1944 støytte Gunnar Huseby 15,50 meter, ein prestasjon nær verdstoppen i kulestøyting. Den 23. august 1946 vann han kuletevlinga under EM i friidrett 1946 i Oslo med eit bestestøyt målt til 15,56 m, vel 30 cm lengre enn sølv- og bronsemedaljørane, Sovjetunionens Dmitrij Gorjainov og Finlands Yrjö Lehtilä.

Fire år seinare forsvarte Huseby EM-tittelen i kulestøyt under friidretts-EM 1950 i Brussel. Med sitt livs lengste støyt på 16,74 meter var han i ei heilt eiga klasse i tevlinga, italienaren Angiolo Profeti fekk sølv med 15,16 meter.

Gunnar Huseby forbetra den islandske kulerekorden med over to meter frå 1941 til 1950. Frå 1945 sette han også fleire rekordar i diskoskasting, til han i 1950 stoppa på 50,13 meter. Han la eigentleg opp i 1951, men kom av og til tilbake på arenaen. Så seint som i 1958 støytte han 16,03 meter og i 1962 15,75 meter.

Kjelder endre