Gunnar Pedersen AS
Gunnar Pedersen AS var ei norsk broderibedrift (1915–1986) med hovudkontor i Oslo.[2] Føretaket vart etablert av Gunnar Pedersen sr., og seinare leia av sonen Gunnar Christian Pedersen. Bedrifta produserte og selde handarbeidsmønster, garn og utstyr, hovudsakleg til broderi, til butikkar og gjennom vekeblad som Allers, Norsk Ukeblad og KK. Han er mest kjend for varemerke som St. Georg, Laila (1930-talet) og Design Gunnar P, og produserte mange mønster i klostersaum på 1970-talet.[3]
Historie
endreEtter å ha arbeidd åtte år i det svenske broderiselskapet Nordisk Industri, starta Gunnar Pedersen (1890–1962) sitt eige firma for sal av broderimønster og -utstyr i 1915. Han selde broderimønster, og spesielt påteikna broderi, til spesialbutikkar, samvirkelag og landhandlarar. Utover 1950-talet vart samarbeidet med vekepressa om produksjon av mønster- og garnpakkar meir omfattande. Føretaket leverte då mønster til både Norsk Dameblad, Det Nye og Norsk Ukeblad, og seinare òg Allers og Kvinner og Klær. Firmaet produserte òg utstillingsmodellar til brodeributikkane i samarbeid med fleire hundre frilansarar rundt om Noreg, og seinare òg i utlandet.
I 1962 overtok sonen Gunnar Christian Pedersen (1930–2019) drifta, og satsa meir på eksport. Då vart lokala i Prinsens gate 7 for små, og design- og plansjeavdelinga flytta til toppetasjen i Sjøfartsbygningen i Kongens gate. I 1968 flytta heile bedrifta til Østerdalsgata 1, der fleire firma gjekk saman om å kjøpe dei tidlegare lokala til Sætre Kjeksfabrikk. På denne tida var det på det meste 75 tilsette i bedrifta.[6]
Utanlands selde Gunnar Pedersen AS broderimønster blant anna gjennom damebladet Hennes Verden i Danmark og Allers, Hjemmet og postordrefirmaet Ateljé Margaretha i Sverige, og seinare gjennom britiske Woman’s Realm og Woman’s Own, amerikanske Better Homes and Gardens, det franske postordrefirmaet 3 Suisses, og Femmes d’Aujourd’hui i Belgia, og i katalogane til The Needlewoman Shop i London.
Selskapet hadde mange reisande seljarar, og nokre av dei starta eigne selskap utanlands som vidareformidla design og kunnskap frå Gunnar Pedersen A/S. Slike selskap vart oppretta i København og Herning i Danmark, i Gøteborg i Sverige og i Tyskland. I USA vart selskapet Ports of Scandinavia oppretta, med hovudkvarter i Litchfield, Minnesota. Firmaet selde mykje broderi gjennom brodeributikkar og «Scandinavian Shops» i USA, og gjennom bladet Viking, utgjeve av utvandrarforeininga Sons of Norway.
Gunnar Pedersen AS leverte mønster og materialar til dei fleste typar broderi, i tillegg til hekling, nupereller og kunststrikk. Utover 1980-talet var det dårlegare tider for broderibransjen, og firmaet vart til slutt nedlagt i 1986. I dag er arkivet med mønster- og tekstilsamling ein del av samlinga til Tekstilindustrimuseet i Salhus i Vestland (tidlegare Norsk Trikotasjemuseum), ein del av Museumssenteret i Hordaland.[7]
Referansar
endre- ↑ «Duk», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022
- ↑ «Gunnar Pedersen A/S (Tekstilindustri)». KulturNav. Henta 28. april 2021.
- ↑ «Design Gunnar P». Tekstilindustrimuseet. Henta 28. april 2021.
- ↑ «Åkle», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022
- ↑ «Duk», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022
- ↑ «Eit broderifirma blir til», Tekstilindustrimuseet. Vitja 28. april 2021
- ↑ «Gunnar Pedersen AS, Tekstilindustrimuseet». Museumssenteret i Hordaland. Henta 28. april 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Gunnar Pedersen AS» frå Wikipedia på bokmål, den 18. oktober 2021.