Gunstein Bakke (fødd 30. mars 1968 i Grendi i Bygland)[1][2][3] er ein norsk forfattar. Han debuterte med romanen Kontoret i 2000.

Gunstein Bakke
Gunstein Bakke.jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 30. mars 1968 (52 år)
Grendi
Yrke Forfattar
Periode 2000-
Debut Kontoret

Han er utdanna cand.mag. med fransk, idéhistorie og litteraturvitskap.[4]

Bakke var saman med Eirik Ingebrigtsen initiativtakar og redaktør av antologien Respons 22/7 i 2011.[5]

I 2011 vart han nominert til Brageprisen for Aud og Maud. Ein roman om trafikk.[6] Året etter fekk han Melsom-prisen[7] og European Union Prize for Litterature[8] for boka.

GjendiktingarEndra

Bakke har gjendikta Alle med lunger kopla saman av Juliana Spahr i 2008 og Det er en sang, det er en sang av Maḥmūd Darwīsh i 2009.[4] I 2012 kom gjendiktinga hans av Polyfem forvandla og Meisteren Ma av finlandssvenske Willy Kyrklund i ei dobbelutgjeving.[9] Same året kom også Skake av Carolyn D. Wright på norsk i hans gjendikting.[10]

DramatikkEndra

Bakke arbeider også med dramatikk og har vore knytt til Propellen Teater i Trondheim. Monologen Stemmehøyrarane #3 vart framført i Trondheim i 2007.[4]

UtgjevingarEndra

RomanarEndra

  • 2000 – Kontoret
  • 2005 – Den indre olding
  • 2011 – Maud og Aud : ein roman om trafikk

DiktsamlngarEndra

  • 2012 – Murskueteknikkane
  • 2012 – Bok av tre

GjendiktingarEndra

Prisar og utmerkingarEndra

ReferansarEndra

  1. «Gunstein Bakke (f. 1968)». Kristiansand Folkebibliotek. Henta 7. november 2011. 
  2. Agderposten: «Forfattere samles» s. 36. 19. februar 2010
  3. «Gunstein Bakke (30.03.1968)». forfatterkatalogen.no. Henta 17. februar 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «GUNSTEIN BAKKE (1968-)». Nettstaden gyldendal.no. Henta 7. november 2011. 
  5. «Respons 22/7». oktober.no. Henta 7. november 2011. 
  6. «Nominerte 2011». Nettstaden til Brageprisen. Henta 7. november 2011. 
  7. 7,0 7,1 ««Melsomprisen 2011 går til Gunstein Bakke»». samlaget.no. 10. oktober 2012. 
  8. 8,0 8,1 «Norway: Winning author: Gunstein Bakke». euprizeliterature.eu. Henta 7. januar 2013. 
  9. «Willy Kyrklund - POLYFEM FORVANDLA OG MEISTEREN MA». Nettstaden samlaget.no. Henta 7. november 2011. 
  10. «CD Wright Skake». Nettstaden til Samlaget. Henta 7. januar 2013.