Gunvor Mjelva (19. juni 190214. september 1988) var ein norsk songar (sopran), opphavleg pianist.

Gunvor Mjelva

Fødd19. juni 1902
FødestadDrammen kommune
Død14. september 1988 (86 år)
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somoperasongar

Ho debuterte i Universitetets aula i 1932 og opptredde på alle dei store scenane i Skandinavia. Ho hadde også oppdrag i England og USA som konsert- og oratoriesanger. Mjelva hadde fleire operaroller, blant anna spelte ho Euridice i Orfeus og Micaela i Carmen. Ho var mykje nytta som romansesongar og blei kjend for den sikre intonasjonen, varme stemmen og inderlege innfølingsevna si. Gunvor Mjelva verka òg som songpedagog, og ho organiserte og dreiv korverksemd i Drammen og i Oslo.

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Astrid Haavardsholm: «Gunvor Mjelva – sanger og sangpedagog», i Jeg kunne det da jeg dro hjemmefra, Oslo Musikklærerforening gjennom hundre år 1905 – 2005,Oslo: Norsk Musikforlag AS, 2005, s 194 – 201.