Gustav Borgen

norsk fotograf

Gustav Borgen (10. juni 186516. august 1926) var ein norsk fotograf verksam rundt 1900.[1]

Gustav Borgen
Gustav Borgen NFB.45142.jpg
Sjølvportrett av Gustav Borgen frå 1915.
Fødd 10. juni 1865
Christiania
Død

16. august 1926
Christiania

Yrke fotograf
Gustav Borgen på Commons

Borgen var fødd i Kristiania og arbeidde der mellom 1891 og 1922.[2] Ein kjenner lite til dei fyrste åra hans som fotograf. I 1891 tok han over atelieret og butikken til den danske fotografen Frederik Klem. Lokala låg i Universitetsgata 6. Seinare flytta han til Karl Johans gate 45, den såkalla Groschgården. Her dreiv han fram til han selde i 1922.

I samlinga etter Borgen finner ein portrett av samtidas prominente personar, som medlemmar av regjeringa, stortingsmenn, generalar, direktørar, forfattarar og kunstnarar, og portrett av borgarlege Kristiania-familiar frå tida rundt førre hundreårsskifte. Samlinga er tilgjengeleg gjennom DigitaltMuseum.

GalleriEndra

ReferansarEndra