Gustav Landauer
Gustav Landauer (fødd 7. april 1870 i Karlsruhe, død 2. mai 1919 i München) var ein anarkistisk tenkjar, revolusjonær aktivist og forfattar som var verksam i Tyskland.
Gustav Landauer | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 7. april 1870 Karlsruhe |
Død | |
Yrke | politikar, omsetjar, skribent, journalist, redaktør, filosof, bokhandlar, forleggjar, skodespelforfattar, teaterkritiker, redaktør, dramaturg |
Språk | tysk, engelsk, russisk, fransk |
Far | Hermann Landauer |
Mor | Roese (Rosa) Landauer |
Ektefelle | Hedwig Lachmann |
Gustav Landauer på Commons |
Landauer gjekk inn for Pierre Joseph Proudhon sin anarkisme med mutualistisk (gjensidig) økonomi og var dermed kritisk mot Karl Marx og marxismen.
Den anarkistiske visjonen basérer seg på sosial individualisme, med organisering i naturlege grupper, og dessutan på individa sin grad av medvit, slik at sosialismen ikkje kan bli verkeleg utan individuell læring, meinte Landauer.
Gustav Landauer deltok i den korte rådsrepublikken i München, der han vart drepen av høgreorienterte frikorps-styrkar, etter å ha vorte fengsla, trass i sine idéar om ikkje-vald.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gustav Landauer» frå Wikipedia på svensk, den 30. desember 2006.