Guttorm Hansen
Guttorm Hansen (3. november 1920–2. april 2009) var ein norsk journalist, politikar og forfattar, fødd og død i Namsos. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1961-85, tingperiodane 1973-77 og 1977-81 var han stortingspresident.
Guttorm Hansen | |
![]() | |
Fødd | 3. november 1920 Namsos |
---|---|
Død | 2. april 2009 (88 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar, redaktør, skribent |
Verv | Stortingspresident i Noreg 1973-1981 |
Føregangar | Leif Granli |
Etterfylgjar | Per Hysing-Dahl |
Alle verv |
|
Hansen var son til ein mekanikar og arbeidde sjølv som mekanikar frå 1936 til 1945. I 1945 byrja han å arbeide som journalist og redaksjonssekretær i Menneskevennen, medlemsbladet til Det Norske Totalavholdsselskap. Etter tre år i Menneskevennen var han i perioden 1948-51 redaktør i Firdaposten. Deretter var han i ti år journalist i Namdal Arbeiderblad på heimstaden Namsos, til dess han vart vald inn på Stortinget hausten 1961.
Hansen møtte som vararepresentant frå valkrinsen Nord-Trøndelag også i perioden 1958-61. Men frå 1961 hadde han fast plass på Tinget i 24 år. Under den fyrste Bratteli-regjeringa, 1971-72, var han parlamentarisk leier for Arbeiderpartiet si stortingsgruppe. Då det nye Stortinget konstituerte seg i oktober 1973 vart han vald til stortingspresident, eit ombod han vart attvald til i 1977.
Hansen var i alle år ein friluftsmann, og var i 1963 sentral i arbeidet med å verne Børgefjell nasjonalpark. Seinare skreiv han bok om Børgefjell, og fleire bøker om mellom anna politikk og lokalhistorie.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Guttorm Hansen» frå Wikipedia på bokmål, den 9. oktober 2013.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |