Firdaposten er ei lokalavis for kommunane Kinn og Bremanger, med hovudkontor i Flora. Ho vart grunnlagt i 1948 som eit partiorgan for Arbeidarpartiet. Avisas første redaktør var Guttorm Hansen, seinare stortingspresident. Firdaposten gjekk frå to til tre utgåver i veka allereie i 1956. I 1988 gjekk avisa opp til fire utgåver i veka. Firdaposten var dagsavis i frå desember 1994 til ut på nyåret i 1996. A-pressen (no Amedia) kjøpte Firdapostens konkurrent, avisa Firda i Førde i 1995. Det fekk konsekvensar for Firdaposten i Florø som i dag er attende til tre utgjevingar i veka. Frå 2018 kjem avisa ut to gonger i veka på papir. Redaksjonslokalet ligg i Florø.

Firdaposten
TypeDagsavis
(tre dagar i veka)
FormatTabloid
Oppretta1948
Første trykk1948
MålformNynorsk
Lokalavis forFlora og Bremanger
(Ytre Sunnfjord)
EigarskapA-pressa (100%)
Opplag4 871 (2014) 
RedaksjonskontorMarkegata 65
Postnummer6900
StadFlorø
Ansvarleg redaktørSvend Arne Vee  (2006)
Politisk posisjonTidlegare AP-avis
NettstadFirdaposten.no

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 5 702
2001 5 678
2002 5 637
2003 5 648
2004 5 630
2005 5 621
2006 5 650
2007 5 511
2008 5 484
2009 5 457
2010 5 327
2014 4 871

Kjelder endre

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff endre