Per Hysing-Dahl

norsk krigsveteran og politikar

Per Hysing-Dahl (31. juli 19207. april 1989) var ein norsk krigsflygar, næringsdrivar og politikar frå Bergen. Han representerte Hordaland fylkeStortinget frå 1969 til 1985, vald for partiet Høgre.

Per Hysing-Dahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. juli 1920
Bergen
Død

7. april 1989 (68 år)
Bergen

Yrke politikar, flygar, forretningsdrivande
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Per Hysing-Dahl flug Westland Lysander

Hysing-Dahl var son til ein kjøpmann. Han vart student i 1940. Året etter var han komen over til Storbritannia, der han tok offisersutdanning i Luftforsvaret, og deltok deretter i verdskrigen som kaptein i det norske flyvåpenet. I 1946/47 gjekk han handelsskule i heimbyen Bergen.

Etter å ha arbeidd to år på kontoret til A/S Stord, fekk han i 1949 disponentstillinga i A/S Ocean Products, ein yrkesrolle han hadde til 1970. Jamsides disponerte han 1950-60 sildoljefabrikken A/S Clupea og 1955-75 reiarlaget Trawl-Industri. Frå tidleg i 1960- åra til 1972 var han også skipsreiar i Ocean Transport A/S og direktør i Akers Trading Co. Åra 1964-83 var han direktør i flyselskapet A/S Westwing.

Han fekk Krigskorset

Hysing-Dahl var medlem i Fana heradsstyre 1960-67. Hausten 1969 fekk han plass på Stortinget frå Hordaland og Høgre. Dei fire fyrste på Tinget åra var han medlem i Industrikomiteen. Frå 1973 til 1981 var han formann i Forsvarskomitéen. Ved konstitueringa av det nye Stortinget i oktober 1981 vart han vald til stortingspresident, eit verv han hadde heile fireårsperioden Samstundes var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen 1981-85. Hysing-Dahl var medlem i sentralstyret til Høgre 1971-74 og 1977-78, andre viseformann i Høgre i perioden 1972-74.

Frå 1985 til -88 var Hysing-Dahl styreleiar i Distriktenes utbyggingsfond.

Kjelder endre