Quneitra guvernement

Quneitra guvernement (arabisk مُحافظة القنيطرة‎, romanisert Muḥāfaẓat Al-Qunayṭrah) er eit av fjorten guvernement i Syria. Det ligg sør i Syria og omfattar Golanhøgdene.

Quneitra
القنيطرة
guvernement
Land  Syria
Mintaqah 2
Hovudstad Quneitra
Areal 1 200,0 km²
Folketal 49 195 (2013)
Språk arabisk
ISO 3166-2 kode SY-QU
Kart
Quneitra guvernement
33°07′N 35°56′E / 33.12°N 35.94°E / 33.12; 35.94
Kart over Syria med Quneitra guvernement avmerkt (1964-1967).
Kart over Syria med Quneitra guvernement avmerkt (1964-1967).
Kart over Syria med Quneitra guvernement avmerkt (1964-1967).
Kart som viser kva del av Quneitra som i røynda er under syrisk styre (1967-2011).
Kart som viser kva del av Quneitra som i røynda er under syrisk styre (1967-2011).
Kart som viser kva del av Quneitra som i røynda er under syrisk styre (1967-2011).
Wikimedia Commons: Quneitra Governorate

Guvernementet grensar til Libanon, Jordan og Israel. Arealet varierer etter forskjellige kjelder, frå 685 km²[1] til 1 861 km².[2] I 2013 hadde guvernementet ein folkesetnad på 49 000. Den pålydande hovudstaden er den no fråflytta byen Quneitra. Mykje av guvernementet vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967 og Yom Kippur-krigen i 1973 (kalla oktoberkrigen i arabiske land) og dannar i dag dei omstridde israelskokkuperte Golanhøgdene.

Etter at den syriske borgarkrigen braut ut, har Quneitra guvernement, inkludert ein nøytral SN-observasjonssone, vore åstad for harde kampar mellom syriske opprørarar og dei statlege styrkane.

Distrikt

endre
Guvernementet er delt inn i to distrikt (manatiq):

som vidare er delt inn i to underdistrikt (nawahi).

Fiq
Elmahjer

som offisielt er delt inn i seks underdistrikt (nawahi):

Quneitra (hovudsakleg nøytral sone sidan 1973)
Jabta Elhashab
Massade (under israelsk okkupasjon sidan 1967)
Hushnia (under israelsk okkupasjon sidan 1967)

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Quneitra guvernement