Aleppo guvernement

Aleppo guvernement (arabisk محافظة حلب, Muḥāfaẓat Ḥalab, kurdisk Parêzgeha Haleb) er eit av fjorten guvernement i Syria. Det er det mest folkerike guvernementet i Syria med meir enn 4 045 166 innbyggjarar (2004), nesten 23% av innbyggjartalet i Syria. Guvernementet er det femte største i areal med eit areal på 18 482 km²,[1] kring 10% av Syria. Hovudstaden er byen Aleppo. Guvernementet er representert av 52 medlemmar i parlamentet (av 250), der 20 av desse kjem frå byen Aleppo. Guvernøren sidan 2009 har vore Ahmad Ali Mansoura.

Aleppo guvernement
مُحافظة حلب
guvernement
Land  Syria
Manatiq (Distrikt) 10
Hovudstad Aleppo
Koordinatar 36°12′N 37°36′E / 36.2°N 37.6°E / 36.2; 37.6
Areal 18 482 km²
Folketal 4 868 000
Tidssone EET
ISO 3166-2 kode SY-HL-
Språk arabisk
syrisk
kurdisk
tyrkisk
armensk
Kart
Aleppo guvernement
36°14′N 37°36′E / 36.24°N 37.6°E / 36.24; 37.6
Wikimedia Commons: Aleppo Governorate
Nettstad: Aleppo guvernement

I lag med Idlib guvernement (og det omstridde Alexandretta sanjak) dannar guvernementet Aleppo den nordlege regionen i Syria. Historisk sett var den nordlege regionen den mest frodige og tettast folkesette i Syria. Dette forklarar kvifor Aleppo har langt fleire byar (32), landsbyar (1430) og gardar (1424) enn andre guvernement. Det forklarar òg kvifor det er langt fleire arkeologiske stader og funn enn andre stader i Syria.[2]

Grenser og landskap endre

Guvernementet har ei 221 km lang nordleg grensa mot provinsane Kilis, Gaziantep og Şanlıurfa i Tyrkia. I vest ligg Alexandretta sanjak (omstridd med Tyrkia) og Idlib guvernement. I sør ligg Ḥamā guvernement og Eufrat dannar det meste av den sørlege halvdelen av den austlege grensa med Raqqah guvernement.

Guvernementet ligg på eit platå kalla Aleppoplatået. Den austlege og nordlege grensa til guvernementet samsvarar omtrent med grensa til platået, men den nordaustlege delen av guvernementet kryssar Eufratdalen og går inn på Jazīrahplatået. Den søraustlege enden av guvernementet glir over i den tørre steppa nord i Den syriske ørkenen. I sør ligg den austlege sletta Hama, og i sørvest ligg dei nordlege slettene i Idlib.

Gjennomsnittleg høgd på terrenget er 379 meter over havet. Flata heller slakt mot sør og aust.

 
Geografi nord i Syria.

Klima endre

Aleppo guvernement har eit halvtørt klima. Fjellrekkjr som går langs kysten av Middelhavet, Dei syriske kystfjella og Nurfjella, blokkerer i stor grad effektane Middelhavet har på klimaet og dannar ein regnskugge. Årsmiddeltemperaturen i guvernementet er 18-20 ºC og årsnormalnedbøren varierer frå 450 mm i vestlege område til 250 mm i austlege område og 150 mm i dei søraustlege ørkenområda. 80 % av nedbøren kjem mellom oktober og mars. Det er sjeldan snø.

Byar endre

 
Aleppo rådhus.

Dei følgjande byane er administrative senter i distrikt i Aleppo guvernement (2004):

By Folketal
Aleppo 2 132 100[3]
Manbij 99 497[4]
As Safirah 63 708[5]
Al-Bab 63 069[6]
Ayn Al-Arab 44 821[7]
Afrin 36 562[8]
A'zaz 31 623[9]
Dayr Hafir 18 948[10]
Jarabulus 11 570[11]
Atarib 10 657[12]

Distrikt endre

Guvernementet har 12 distrikt (Mintaqa) i 2011:[13]

Distrikta er delte inn i 46 underdistrikt (Nāḥiya).

Historie endre

Før 1960 var både Idlib guvernement og Raqqa guvernement ein del av Aleppo guvernement. Raqqa guvernement vart først kalla Rashīd guvernement (arabisk: محافظة الرشيد) og fekk nytt namn 1962.

I antikken var regionen ein del av dei tre regionane: Khalybonitis (senter i Khalybon eller Aleppo), Khalkidike (senter i Qinnasrīn العيس) og Kyrrhestika (senter i Kyrros النبي حوري). Dette var det mest frodige og folkerike området i Syria. Under romarane vart regionen i 193 fvt. ein del av provinsen Coele Syria eller Magna Syria, som vart styrt frå Antiokia. Provinsen Euphratensis vart grunnlagd på 300-talet fvt. i aust, der senteret var Hierapolis (Manbij).

Under dei muslimske rashidun og umayyadane vart regionen ein del av Jund Qinnasrīn. Under abbasidane vart regionen sjølvstendig styrt av hamdānidane. Mamelukkane og seinare Det osmanske riket, styrte området til 1918. Under osamanarane var regionen ein del av Aleppo vilajet.

Under det franske mandatet var regionen ei kort stund del av staten Aleppo.

Kjelder endre

  1. Aleppo Municipality official website
  2. Phenix, Robert R. (2008) The sermons on Joseph of Balai of Qenneshrin
  3. Aleppo folketal, arkivert frå originalen 20. mai 2012, henta 7. april 2014 
  4. Manbij folketal, arkivert frå originalen 29. juli 2012, henta 7. april 2014 
  5. As Safirah folketal, arkivert frå originalen 23. juli 2012, henta 7. april 2014 
  6. al-Bab folketal, arkivert frå originalen 3. desember 2012, henta 7. april 2014 
  7. Ayn Al-Arab folketal, arkivert frå originalen 3. desember 2012, henta 7. april 2014 
  8. Afrin folketal, arkivert frå originalen 30. juli 2012, henta 7. april 2014 
  9. A'zaz folketal, arkivert frå originalen 29. juli 2012, henta 7. april 2014 
  10. Dayr-Hafir folketal, arkivert frå originalen 29. juli 2012, henta 7. april 2014 
  11. Jarabulus folketal, arkivert frå originalen 3. desember 2012, henta 7. april 2014 
  12. Atarib folketal, arkivert frå originalen 23. juli 2012, henta 7. april 2014 
  13. http://simacom.de/aleppo