Opna hovudmenyen

Gwen Guthrie (9. juli 19503. februar 1999) var ein amerikansk songar-låtskrivar og pianist,[1] som song korvokal for Aretha Franklin, Billy Joel, Stevie Wonder, Peter Tosh og Madonna, blant andre, og som skreiv songar gjort kjende av Ben E. King, Angela Bofill og Roberta Flack.[2]

Gwen Guthrie
Fødd9. juli 1950(1950-07-09)
FødestadOkemah i Oklahoma i USA
Død3. februar 1999 (48 år)
DødsstadOrange i New Jersey i USA
FødenamnGwendolyn Guthrie
OpphavUSA
Aktiv1974–1999
SjangerR&B,[1] soul,[1] post-disco,[1] dance-pop
InstrumentVokal, piano
PlateselskapIsland, Garage, Polydor, Warner Bros., Reprise
Verka somSongar-låtskrivar, pianist

KkarriereEndra

Guthrie var fødd i Okemah i Oklahoma og voks opp i Newark.[3] Ho studerte klassisk musikk på skulen og faren lærte ho å spele piano då ho var åtte år gammal. Tidleg i 1970-åra vart ho med vokalgrupper som the Ebonettes og the Matchmakers, medan ho arbeidde som grunnskulelærar. Då ein korsongar som skulle synge på Aretha Franklin sin «I'm in Love» i 1974 vart sju, fekk Guthrie jobben ved sidan av Cissy Houston. Guthrie starta slik karrieren sin som profesjonell musikar.

Ho byrja å skrive songar med den dåverande kjærasten, trombonist/bassisten Haras Fyre (med scenenamnet «Patrick Grant») som gav comeback-singelen til Ben E. King, «Supernatural Thing» og «This Time I'll Be Sweeter», som sidan er spelt av mange andre artistar. I lag skreiv dei sju songar for Sister Sledge-albumet Circle of Love i 1975: «Cross My Heart», «Protect Our Love», «Love Don't You Go Through No Changes on Me», «Don't You Miss Him Now», «Pain Reliever», «You're Much Better Off Loving Me» og «Fireman». Ho skreiv òg Roberta Flack-songen «God Don't Like Ugly».

Guthrie arbeidde mykje med Sly and Robbie på dub-aktige club-songar og byrja å skrive dancehittar. Ho slo seg så musikalsk saman med DJen Larry Levan og spelte inn den første hitten sin, «Padlock» i 1983 med Compass Point All Stars i Nassau på Bahamas som vart ein club- og radiohit to år seinare. Ho song òg korvokal på debutalbumet til Madonna i 1982.

Guthrie er truleg mest kjend for dance-songen «Ain't Nothin' Goin' on But the Rent» frå 1986, som ho skreiv og produserte sjølv, med kontroversielle teksten «You've got to have a j-o-b if you want to be with me/No romance without finance».

«Ain't Nothin' Goin' on But the Rent» vart seinare sampla av mange dance- og hiphop-artistar, som Foxy Brown i 1998 på songen «JOB» og Utah Saints på «What Can You Do for Me». Songen vert omtalt av Eddie Murphy i hans Eddie Murphy Raw. Guthrie hadde òg ein hit i 1986 med ein coverversjon av «(They Long to Be) Close to You», som nådde 25. plassen på UK Singles Chart.[4]

Singelen «Can't Love You Tonight» omhandla AIDS på ei tid då denne sjukdomen var tabulagt.

Andre hittar var «Seventh Heaven», «Peanut Butter» og «Peek-a-Boo». «Padlock» vart seinare covra av M People på albumet Bizarre Fruit med Heather Small i 1995.

DødEndra

Guthrie døydde av livmorkreft den 3. februar 1999, 48 år gammal.[5]

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

År Tittel Plassering Plateselskap
US

[6]

US R&B

[6]

AUS

[7]

NZ

[8]

UK

[9]

1982 Gwen Guthrie 208 28 36 Island
1983 Portrait 42
1985 Just for You 55
1986 Good to Go Lover 89 20 99 17 42 Polydor
1988 Lifeline Warner Bros.
1990 Hot Times Reprise
«—» syner at plata ikkje gjekk inn på lista.

SinglarEndra

År Tittel Plassering
US

[6]

US R&B

[6]

US Dan

[6]

AUS

[7]

IRE

[10]

NZ

[8]

UK

[9]

1981 «Nothing But Love» (med Peter Tosh) 43
1982 «It Should Have Been You» 27 11 26
«Peek-A-Boo»
«For You (With a Melody Too)» (Remix)
1983 «Peanut Butter» 83
«Hopscotch»
1984 «Say Yeah» (med The Limit) 7 25 17
«Love in Moderation» 110 17
1985 «Just for You» 53
«Padlock» 102 25 13
«Peanut Butter» (Special Mix av Larry Levan) 75
1986 «Ain't Nothin' Goin' on But the Rent» 42 1 1 75 6 1 5
«Seventh Heaven» 85
«Outside in the Rain» 51
«(They Long to Be) Close to You» 69 19 9 25
1987 «Good to Go Lover» / «Outside in the Rain» 37
«Friends & Lovers» (med Boris Gardiner) 97
«Ticket to Ride»
1988 «Family Affair»
«Can't Love You Tonight» 83 44 79
«Rockin' Chair»
1990 «Miss My Love» 27
1991 «Sweet Bitter Love» 74
1992 «Eyes (You Never Really Cared)» 95
1993 «Ain't Nothin' Goin' on But the Rent» (1993 Remix) 42
«This Christmas Eve»
«—» syner at plata ikkje gjekk inn på lista.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Hamilton, Andrew. «Gwen Guthrie». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 29. august 2014. 
  2. Johnson, Connie (September 28, 1986). «Juice's Hard 'Rain' Falls On Women». Los Angeles Times. Tribune Company. Henta 29. august 2014. 
  3. Hamilton, Andrew. «Gwen Guthrie – Biography». Allmusic. Rovi Corporation. Arkivert frå originalen November 11, 2010. Henta 29. august 2014. 
  4. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 238. ISBN 1-904994-10-5. 
  5. «Gwen Guthrie». Find a Grave. Henta 29. august 2014. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 «Gwen Guthtie – Awards». Allmusic. Rovi Corporation. Henta October 4, 2012. 
  7. 7,0 7,1 Kent, David (1993). Australian Charts Book 1970–1992. Australian Chart Book Pty Ltd, Turramurra, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6. 
  8. 8,0 8,1 «Diskografi Gwen Guthrie». charts.org.nz. Hung Medien. Henta October 4, 2012. 
  9. 9,0 9,1 «GWEN GUTHRIE». Official Charts Company. Henta October 4, 2012. 
  10. «Search charts». The Irish Charts. Irish Recorded Music Association. Henta October 4, 2012. 

BakgrunnsstoffEndra