Gwennap Head er det sørlegaste neset på sørkysten av Penwithhalvøya i Cornwall i England. South West kyststi følgjer nær kanten av neset. Den kjende knausen Chair Ladder er ein populær destinasjon langs neset og er populær å klatre opp.

Granittklipper ved Gwennap Head
Kystvaktstasjonen på Gwennap Head

Farvatnet innanfor neset er eit travelt skipsfartområde og det står ein kystvaktstasjon på neset for å halde auge med trafikken.

Dagmerke på Gwennap Head

Det står fleire kjegleforma seglmerke på Gwennap Head. Dagmerka er målt raude eller svart og kvit. Når ein er til sjøs bør ein alltid kunne sjå det kvite og svarte merket for å unngå grunnene nær neset.

Gwennap Head er kjend for dei mange sjeldne fuglartane som er innom her, som gulnebblire, storjo, stormsvale og småspove. I tillegg finst ein koloni med hekkande havsuler i nærleiken.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

50°02′17″N 5°40′44″W / 50.038°N 5.679°W / 50.038; -5.679