Småspove
Småspove | |
![]() Småspove | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av småspove | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | Numenius |
Art: | Småspove N. phaeopus |
Vitskapleg namn | |
Numenius phaeopus |
Småspove er ein art i snipefamilien.
Utbreiing og taksonomiEndra
Fuglen hekkar i Nord-Amerika, det nordlege Europa, og i Asia, først og fremst i Sibir.
Arten vert delt i tre eller fire underartar:
- Numenius phaeopus phaeopus hekkar på det nordaustre Grønland og i Nord-Europa, frå Island aust til Tajmyrhalvøya.
- Numenius phaeopus alboaxillaris hekkar på stepper nord for Kaspihavet.
- Numenius phaeopus variegatus hekkar i det nordaustre Sibir.
- Numenius phaeopus hudsonicus hekkar i Alaska og Canada.
Nokre taksonomar kategoriserer N. p. hudsonicus som eigen art (N. Hudsonicus).
KjenneteiknEndra
Småspoven liknar storspoven, men er mindre, noko som kan vere vanskeleg å fastslå i felt utan andre fuglar å samanlikne med. Nebben er proporsjonalt noko kortare. Fuglen er 37-45 cm lang. Nebben utgjer 6 til 9 cm. Vengespennet er på 76-89 cm. Småspoven er mest gråbrun, men vengen har mørke handsvingfjør. Nebben er bøygd og lengst på vaksne hoer. Småspoven har ei tydeleg lys midtstripe på hovudet og kraftigare teikningar enn storspoven. I flukt stikk beina ikkje ut bakom stjerten. Nominatform N. p. phaeopus som hekkar i Europa har kvit rygg, overgump og vengeunderside, og tverrender på den gråbrune stjerten.
ForvekslingsartEndra
Småspove kan berre forvekslast med storspova.
LæteEndra
Lokkelæta er ei visling, medan spellæta er ein serie vislingar som går over i ei trille.
ForplantingEndra
Vanlege hekkeplassar er fjellheiar, myrer, og steppemarker. Det er vanleg at fleire par hekkar nær kvarandre i ein koloni. Reiret er ei grop på marka. Hoa legg 3-5 egg. Begge foreldra rugar og vaktar sidan ungane mot inntrengjarar. Dei kan til og med angripe menneske som kjem for nær.
NæringEndra
Fuglen et ulike smådyr som han plukkar på marka.
TrekktilhøveEndra
Småspoven er trekkfugl og overvintrar langs kystar i Afrika, Sør-Amerika og det sørlege Nord-Amerika, det sørlege Asia og Australia.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Småspov» frå Wikipedia på svensk, den 8. januar 2012.