Stormsvale

fugleart
Stormsvale
Stormsvale
Stormsvale
Utbreiing og status
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av stormsvale
Utbreiinga av stormsvale
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormsvalefamilien Hydrobatidae
Slekt: Hydrobates
Art: Stormsvale H. leucorhous
Vitskapleg namn
Hydrobates leucorhous

Stormsvale (Hydrobates leucorhous, tidlegare Oceanodroma leucorhoa) er ein liten fugl i stormsvalefamilien. Stormsvala har ei normal kroppslengd på 18–21 cm og eit vengespenn på ca. 43–48 cm. Ho er ein svartbrun fugl med gråkvit overgump og kløfta hale. Stormsvala er tydeleg større enn havsvala, som ho liknar med kvitt band over overgumpen på ei elles mørk fjørdrakt.

Stormsvaleegg

Stormsvale hekkar på øyar i Nord-Atlanteren, og dessutan frå Japan til Aleutane og øyar utanfor vestkysten av Mexico. Den største kolonien av fuglane finst på Baccalieu-øya aust i Canada, der over 3 millionar par hekkar. Første indikasjonen på hekking i Noreg fekk ein då ein koloni vart oppdaga på Røst i Lofoten i 1961. Sikkert bevis for hekking fekk ein først fleire år seinare.

Kjelder endre

«stormsvale» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre