Poseidonlire
Poseidonlire (Calonectris diomedea), tidlegare underarten C. d. diomedea av gulnebblire, er ei lire i stormfuglfamilien, Procellariidae, som lever i Middelhavet og Atlanteren, og hekkar på øyar i Middelhavet.
Poseidonlire | |
Poseidonlire | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av poseidonlire | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Calonectris |
Art: | Poseidonlire C. diomedea |
Vitskapleg namn | |
Calonectris diomedea |
Denne lirearten er identifiserbar med storleiken, 44–49 cm i kroppslengd og 117–135 cm vengespenn. Poseidonlira har brungrå overside, rein kvit underside med mørk bakkant på vengene, og lyst, gulaktig nebb. Samanlikna med storlire, Puffinus gravis, manglar poseidonlira den brune bukflekken, mørke teikningar under vengene og tydeleg mørk hette slik som storlira har. Poseidonlira flyg lange strekk i glideflukt, jamvel i nesten vindstille, og alltid med nedbøgde venger og litt vinkla tilbake, i motsetnad til stive, rette venger i flukta til storlira. Inn i mellom tar ho 3-4 raske vengeslag.[1]
Poseidonlira er kolonihekkar i bratte fjellskrenter på øyar og ved kysten av Middelhavet. Egglegging tar til i april månad. På seinsommaren og hausten, trekkjer dei fleste fuglane ut i Atlanterhavet, og overvintrar i Sør-Atlanteren. Dei kjem tilbake til Middelhavet i februar. Nokre fuglar trekker vidare inn i Indiahavet[2] og er t.d. sjeldne gjestar ved Madagaskar.[3]
Poseidonlira beitar på blekksprut og fisk, mest på overflata eller ved grunne dukk, dei kan dukke til 15 meter eller meir på jakt etter byttedyr. Dei følgjer lett fiskebåtar. Dette er ein sosial art, som kan sjåast i store mengder frå skip. Dei er stille på sjøen, men gjev håse, kaklande rop i hekkekoloniar.
Portugisarlire (Calonectris borealis) (Cory, 1881) var tidlegare rekna som same arten som poseidonlire. Ho har hekking avgrensa til øyar i Atlanterhavet, har litt større kroppslengd, mindre vengespenn, og eit tjukkare nebb.
Kappverdelire (Calonectris edwardsii) (Oustalet, 1883) var tidlegare rekna som ein underart av Calonectris diomedea, men har nyleg blitt skilt ut som ein eigen art (Snow & Perrins 1998). Kappverdelira er endemisk for Kapp Verde.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Cory's Shearwater» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2012
- Helge Kvam (2. juni 2023). «Nye norske fuglenavn utarbeidet av navnekomiteen». Birdlife Norge.
- del Hoyo, J., C. Carboneras, F. Jutglar, N. Collar, and G. M. Kirwan (2020). Cory's Shearwater (Calonectris diomedea), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, and T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.corshe.01
- Referansar
- ↑ Svensson, Lars et al (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7.
- ↑ Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (rev. utg.), Viking, 2005
- ↑ Sinclair, Ian; Olivier Langrand (2003). Birds of the Indian Ocean Islands. Struik. s. 38. ISBN 9781868729562.
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av gulnebblirer hos Internet Bird Collection
- (no) poseidonlire hos Artsdatabanken
- (en) poseidonlire – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) poseidonlire i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) poseidonlire hos Dyntaxa
- (en) poseidonlire hos Fauna Europaea
- (en) poseidonlire hos Fossilworks
- (en) poseidonlire hos ITIS
- (en) poseidonlire hos NCBI
- (en) Kategori:Calonectris diomedea – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Calonectris diomedea – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Calonectris diomedea – detaljert informasjon på Wikispecies