Gyda Gram (20. november 18513. november 1906) var ein norsk kunstmålar.

Gyda Gram

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. november 1851
Eidsvoll kommune
Død

3. november 1906 (54 år)
Drammen kommune

Yrke kunstmålar
Gyda Gram på Commons
«Portrett av eldre dame» frå 1887. Kjøpt inn av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design i 2020.

Liv og virke endre

Gyda Gram var fødd Dahm i Eidsvoll som dotter av Anneken Lovise Pehrson og distriktslege Jacob Christian Dahm.

I åra 1872–1874 var ho elev ved Knut Bergsliens malarskule, før ho reiste til München, der ho i 1874–1875 var elev av Lambert Linder. I München delte ho bustad med Harriet Backer. I denne perioden bar bilda hennar preg av inspirasjon frå nederlandsk gullalderkunst.

Ho gifta seg 17. juni 1876 i Kongsberg[1] med trelasthandlar og konsul Carl Gram, ein bror av kunstnaren Andrea Gram.[2] Dei fekk ingen barn.

Etter at Gram gifta seg var ho busett i Drammen, der ho same år arrangerte ein «allgemeine Münchenermiddag – der [folk kom] sammen fra alle Verdens Hjørner – fra Drammen, Kongsberg og Chr.a», som ein av gjestene, målaren Eilif Peterssen, skreiv i eit brev. Her var òg Harriet Backer tilstades.[3]

Fram til mannen hennar døydde i 1897 var Gyda Gram mindre produktiv. Ho utførte fleire familieportrett, og uttrykket hennar fekk eit lysare preg, med ei lettare penselføring.

Etter at ho blei enke, hadde ho to opphald i Paris rundt hundreårsskiftet. Produksjonen hennar blei større, og ho utførte fleire landskapsbilde og elegante og dyktig gjennomførte portrett. Ho heldt si fyrste separatutstilling i Drammens Kunstforening i 1903, men ho måtte snart gje opp det vidare arbeidet på grunn av svekka syn.

Gyda Gram var medlem av komiteen for Drammensutstillingen i 1901, og i 1902 var ho med på å stifta Drammens og Oplands Husflidsforening, der ho òg var medlem av det fyrste styret. Ho komponerte òg mønster for foreininga.

Kjelder endre

  1. "Norway Marriages, 1660-1926", database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW7Y-TG6 : 20 February 2020), Gyda Dahm in entry for Karl Sofus Lars Johan Fredrik Gram, 1876.
  2. Alsvik, Henning (1967). Drammens kunstforening. Drammen kunstforeningen. s. 93. 
  3. Kielland, Else Christie (1958). Harriet Backer. Aschehoug. s. 56.