Knut Bergslien
Knut (Knud) Larsen Bergslien (15. mai 1827–27. november 1908) var ein norsk kunstmålar, fødd på Voss. Han måla folkelivsskildringar, portrett og historiske motiv.
Knut Bergslien | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. mai 1827 Voss herad |
Død |
27. november 1908 (81 år) |
Yrke | kunstmålar |
Språk | norsk |
Knut Bergslien på Commons |
Måleriet Birkebeinerne, med den unge Håkon Håkonsson, er spesielt kjent. Han er representert i Nasjonalgalleriet og måleriet hans, Oscar II's kroning, heng på slottet i Oslo.
Knud Bergslien utdanna seg i Antwerpen 1844–1852, Paris 1850–1851 og Düsseldorf 1855–1869. Ei tid dreiv han Johan Fredrik Eckersberg sin målarskule i Christiania. Nokre av elevane hans var Christian Skredsvig, Edvard Munch, Harriet Backer, Lauritz Haaland og Halfdan Egedius.
Knud Bergslien var bror til bilethoggaren Brynjulf Bergslien og farbror til kunstmålaren Nils Bergslien.