Opna hovudmenyen

Gylmar dos Santos Neves

brasiliansk fotballspelar

Gylmar dos Santos Neves (22. august 193025. august 2013) var ein brasiliansk fotballspelar som i tida frå 1956 til 1969 vakta målet i 94 landskampar for det brasilianske fotballandslaget, og som jamnast vert rekna som landets fremste målvakt gjennom tidene. Gilmar vart verdsmeister med for Brasil i 1958 og 1962. Han deltok også i fotball-VM i England i 1966.

Gylmar dos Santos Neves
Gilmar.jpg
Gilmar og den 10 år yngre Pelé (til venstre) etter VM-gullet i Sverige 1958.]]
Fødd 22. august 1930
Santos
Død

25. august 2013
São Paulo

Yrke fotballspelar
Gylmar dos Santos Neves på Commons

Gilmar var frå byen Santos og spelte for den lokale klubben Jabaquara frå 1946 til 1951. Han vart då overført til storklubben Corinthians. Med Corinthians vart han delstatsmeister i 1951, 1952 og 1954. Etter ti år i Cortinthians spelte han frå 1961 på FC Santos saman med mellom andre Pelé. Med Santos vart han femfaldig delstatsmeister i São-Paulo-; 1962, 1964, 1965, 1967 og 1968, samt fire gongar brasiliansk meister; 1962, 1963, 1964 og 1965. I 1962 og 1963 vann Santos og Gilmar også Copa Libertadores.

KjelderEndra