Pelé

brasiliansk politikar og fotballspelar (1940–2022)

Edison Arantes do Nascimento (23. oktober 194029. desember 2022),[1] betre kjend som Pelé, var ein brasiliansk fotballspelar. Han vert av mange rekna som den beste fotballspelaren gjennom tidene. Pelé vart kåra av FIFA til den beste spelaren i verda i det 20. hundreåret.

Pelé
Pele con brasil (cropped).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Edison Arantes do Nascimento
Fødd 23. oktober 1940
Fødestad Três Corações
Død 29. desember 2022
Dødsstad Morumbi District, Albert Einstein Israelite Hospital
Høgd ca. 175cm.
Posisjon Angrepsspelar
Nummer 10 - alltid.
Ungdomsklubbar
1952-1956 Bauru EC
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1956-1974
1975-1977
Santos
New York Cosmos
605 (589)
64 (37)
Landslag
1956-1971 Brasil 92 (77)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
Bill Clinton og Pelé

KarriereEndra

Pelé starta å spele for Santos i 1956, 15 år gammal. Ti månadar seinare spela han den første landskampen sin. Under VM i Sverige i 1958 vart han verdsmeister for Brasil. Han var då berre 17 år gammal, den yngste verdsmeisteren i fotball nokon gong. Han vart verdsmeister med Brasil to gonger til, i 1962 og 1970. Han er den einaste spelaren som har vorte verdsmeister tre gonger.

Fram til 1974 spela han for den brasilianske klubben Santos. Han scora 1088 mål for klubben på 1114 kampar. Pelé enda karrieren i New York, der han frå 1974 til 1977 spela for New York Cosmos. 19. november 1969 scora han det tusende målet sitt på Maracanã. Då han la opp i 1977 etter 22 år som aktiv fotballspelar, hadde han scora i alt 1281 mål på 1363 kampar.

Pelé har eit kaffimerke oppkalla etter seg; Café Pelé, som vert seld i meir enn 50 land, også i Skandinavia.

Han vart i 1998 utnemnd til Honorary Knight Commander of the Order of the British Empire.

Pelé var son av fotballspelaren Dondinho (fødd Joao Ramos do Nascimento).

Pelé døydde den 29. desember 2022 etter lengre tids sjukdom. Han blei 82 år gammal.

KjelderEndra

  1. Lote, A. (29. desember 2022). «Pelé er død». Henta 29. desember 2022. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Pelé